Amrum
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Amrum (frisisk Oomram) er ei av Dei nordfrisiske øyane i Tyskland. Øya ligg i Nordsjøen og er ein del av distriktet Nordfriesland i delstaten Schleswig-Holstein. Ho har eit areal på 20 km² og om lag 2 300 innbyggjarar.
Amrum Oomram | |||
øy | |||
Strand på Amrum | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Stat | Schleswig-Holstein | ||
Landkreis | Nordfriesland | ||
Del av | Dei nordfrisiske øyane | ||
Stad | Vadehavet | ||
Areal | 20,46 km² | ||
Folketal | 2 300 | ||
Folketettleik | 112 / km² | ||
Amrum 54.651317°N 8.341728°E | |||
Kart som viser Amrum.
| |||
Wikimedia Commons: Amrum | |||
Det er fem landsbyar på austkysten: Wittdün, Nebel, Norddorf, Süddorf og Steenodde. Den vestlege halvdelen av øya består stort sett av store sanddyner. Den høgaste av desse er 32 meter.
Medan Nebel, Norddorf og Steenodde er svært gamle frisiske bygder, vart Wittdün grunnlagd som ein badeby på 1800-talet. Han har dagleg ferjesamband med Dagebüll på fastlandet og Wyk (på Föhr). Det er lov med bilar på øya.
Dei tre kommunane på øya, Nebel, Norddorf og Wittdün, høyrer til amtet Föhr-Amrum
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.