kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia
Alma er eit personnamn som kan bruakst av begge kjønn; på norsk er det eit kvinnenamn. Alma har namnedag den 8. september i Noreg og Sverige.
Namnet er laga i nyare tid og har ukjend opphav. Det kan stamma frå elva Alma på Krim-halvøya som var åstad for eit slag under Krimkrigen i 1854. Namnet kan òg knytast til den feminine forma av latinsk almus, 'nærande', som blei brukt om romerske gudinner og seinare i omgrepet alma mater, og er det spanske ordet for 'sjel'.
Namnet var ikkje i bruk i Noreg ved byrjinga av 1800-talet. Ved folketeljinga i 1865 var det derimot registrert 190 som heitte Alma, 87 av dei i Østfold, 30 i Oslo og 22 i Akershus.[1]
Alma var mykje brukt i Noreg frå rundt 1880 og fram til rundt 1905, då om lag 0,5 % av nyfødde jenter fekk namnet kvart år. Det var deretter lite gjeve før bruken tok seg opp rundt 2000. I 2009 var det 1 135 norske kvinner som heitte Alma.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.