Allianz Arena

From Wikipedia, the free encyclopedia

Allianz Arena

Allianz Arena er ein fotballstadion som ligg i den nordre delen av München i Tyskland. Dei to profesjonelle fotballklubbane i München, FC Bayern München og TSV 1860 München har spelt heimekampane sine på Allianz Arena sidan starten av 2005/2006-sesongen. Tidlegare spelte begge klubbane på Olympiastadionen i München; FC Bayern München sidan 1972 og TSV 1860 München sidan 1990-åra.

Thumb
Foto: Richard Bartz
Kjappe fakta Arkitekt, Opna ...
Allianz Arena
Thumb
ArkitektHerzog & de Meuron
Opna30. mai 2005
Stilhigh-tech-arkitektur
Thumb
Allianz Arena
48.218775°N 11.624752777778°E / 48.218775; 11.624752777778
Lukk

Den store sponsoren Allianz har kjøpt rettane til stadionnamnet for 30 år. Under VM i fotball 2006 var stadionet kjent under namnet FIFA World Cup Stadium Munich. Dette fordi FIFA ikkje godtek namn som er sponsa av interesser som ikkje er dei same som sine eigne. Bayern München blei også tvungne til å dekke til namnet under UEFA Champions League- og UEFA-cupkampane grunna at UEFA har same reglement. Som eit resultat av dette blir stadionet kalla Fussball Arena München når det blir spelt UEFA-organiserte kampar. Dette namnet blir derimot berre brukt formelt i til dømes kamprapportar, då TV-kommentatorar og andre berre refererer til stadionet som Allianz Arena.

Stadionet ligg i den nordre delen av Schwabing, nabobyen til München, på Fröttmaning Heath. Det er det einaste stadionet i verda som fullstendig kan endra farge på utsida.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Allianz Arena


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.