Alice Tumler
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alice Tumler (fødd 11. november 1978 i Innsbruck) er ein austerriksk programleiar. Tumler har austerriksk far av slovensk-italiensk avstamning og fransk mor frå Martinique i Karibia. Ho pratar flytande tysk, engelsk, fransk og italiensk, men meistrar òg spansk og portugisisk.[1]
Remove ads
Eurovision
Eurovision Song Contest 2015
På ein pressekonferanse 19. desember 2014 vart Tumler presentert av Österreichischer Rundfunk som ein av programleiarane for Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike, saman med Mirjam Weichselbraun, Arabella Kiesbauer og green room-programleiar Conchita Wurst.[2] Saman med Weichselbraun, Kiesbauer, Wurst, Left Boy, eit lokalt barnekor og Radio-Symphonieorchester Wien framførte ho «Building Bridges» under opninga av finalen.[3]
Remove ads
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
