From Wikipedia, the free encyclopedia
Alfred Reginald Radcliffe-Brown (17. januar 1881–24. oktober 1955) var ein britisk sosialantropolog som var verksam ved universiteta i Cape Town, Sydney, Oxford og Chicago.
Alfred Radcliffe-Brown | |||
| |||
Fødd | 17. januar 1881 Birmingham | ||
---|---|---|---|
Død | 24. oktober 1955 London | ||
Nasjonalitet | Storbritannia | ||
Område | kulturantropologi | ||
Yrke | antropolog, sosiolog | ||
Institusjonar | Universitetet i Cape Town University of Sydney University of Chicago University of Oxford | ||
Alma mater | Trinity College i Cambridge King Edward's School University of Cambridge | ||
Medlem | Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen |
Radcliffe-Brown grunnla den «britiske skulen» i antropologien. Han utførte i 1908 etnografisk feltarbeid på Andamanane, men hans viktigaste innverknad på faget kjem frå hans arbeid som teoretikar. Han var sterkt inspirert av Émile Durkheim og vart den fremste pioneren for den såkalla strukturfunksjonalistiske retninga innom antropologien. Dei viktigaste teoretiske artiklane hans er samla i boka Structure and Function in Primitive Society frå 1952. Der utvikla han funksjonalismen som system og la fram læra om korleis samfunn er integrert, og korleis samfunnsinstitusjonar i samspel forsterkar kvarandre og bidreg til at samfunnet vert vidareført.
Sine vitskaplege ideal henta han frå naturvitskapen. Han hyste forventningar om å kunne utvikle «allmenne samfunnslover», lover som i presisjon kunne jamførast med lovene innanfor fysikken og kjemien.
Radcliffe-Browns naturvitskapleg inspirerte program har i ettertid vorte forlate av dei fleste antropologar, noko som òg gjeld strukturfunksjonalismen i reinodla form. Men mange av dei problemstillingar som dagens antropologar stiller seg, særskilt i Europa, vart opphavleg stilt av Radcliffe-Brown.
Han vert ofte kritisert for ikkje å ha oppfatta historisk endring i dei samfunna han studerte, i særleg grad slike forandringar som fylgde av kolonialismen. Likevel vert han saman med Bronislaw Malinowski rekna som ein av fedrane til den moderne sosialantropologien.
Ingen av verka til Radcliffe-Brown har vore omsett til norsk. Thomas Hylland Eriksen presenterte dei viktigaste teoriane hans i læreboka Små steder - store spørsmål: innføring i sosialantropologi, ei bok som har kome i fleire utgåver etter ho fyrst vart utgjeven i 1998.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.