Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Alf Axelssøn Sommerfelt (23. november 1892–12. oktober 1965)[1] var ein norsk språkforskar, den første professoren i allmenn lingvistikk i Noreg, ved Universitetet i Oslo frå 1931 til 1962.
Alf Sommerfelt | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. november 1892 Trondheim |
Død |
12. oktober 1965 (72 år) |
Yrke | lingvist |
Språk | norsk, engelsk, fransk |
Medlem av | Académie des inscriptions et belles-lettres |
Far | Axel Sommerfelt |
Ektefelle | Aimée Sommerfelt |
Sommerfelt vart fødd og voks opp i Trondheim. Han var sentral i å innføre strukturalismen til Noreg. Han hadde studert i Paris, og heldt forelesingar over Saussure, glossematikk, pragskolen og amerikansk strukturalisme. Nordistane ved dei nordiske institutta hadde lite til overs for denne innfallsvinkelen, og det var lite kontakt mellom strukturalistane og nordistane til innpå 1960-talet.
I lag med slavisten Olaf Broch grunnla Sommerfelt Norsk forening for sprogvidenskap i 1924, denne foreininga kom i eit par år framover til å spele ei viktig rolle for å introdusere nye lingvistiske teoriar til Noreg.
Sommerfelt skreiv fleire populære innføringsverk i språkvitskap. Han skreiv også innføringsboka i allmenn språkvitskap (1947), ei lærebok som vart lesen av alle språkstudentane på universitetet, og trykt opp att ti år seinare. Sommerfelt var også ein av redaktørane attom Norsk Riksmålsordbok.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.