Alexandra Voronin
Vidkun Quislings fyrste kone From Wikipedia, the free encyclopedia
Alexandra Andrejevna Voronin [a][b] (fødd 20. august 1905 i Ukraina, død 1. oktober 1993 i California)[4] var fyrste ektemaken til Vidkun Quisling. Ho gifta seg med Quisling 21. august 1922, dagen etter ho fylte 17 år.[5]
Alexandra Voronin | |
![]() | |
Fødd | 20. august 1905 Ukraina |
Død |
1. oktober 1993 (88 år) |
Yrke | historikar |
Ektefelle | Vidkun Quisling (1922–ca. 1924) |

Foto: Riksarkivet
I 1923 drog Quisling tilbake til Kharkov, byen ho budde i, for å vere saman med henne. Under opphaldet i Kharkov gifta han seg med Maria Pasetsjnikova, ho som seinare fekk namnet Maria Quisling. Da Quisling kom tilbake til Noreg med dei to kvinnene vart Voronin omtala som «pleiedotter», og ikkje som kona hans, slik ho tidlegare var omtala.[5] Voronin har sagt at dei vart skilde i 1924, men det finst ingen dokumentasjon på noko offisielt skilsmål.[6][7] Etter at ho forlét Noreg for godt etter opphaldet hjå Quisling-familien, drog ho til Frankrike, og seinare til USA, der ho levde resten av livet.
Seint i livet skreiv ho ei bok om livet sitt saman med Quisling.[8]
Merknadar
- Russisk skrift Александра Андреевна Воронина[1][2][3]
Litteratur
- Alexandra Voronin (1999). Alexandra Voronine : Quislings unge hustru (på Norsk (Bokmål)). Gyldendal. ISBN 8205257450.
- Oddvar Høidal (1988). Quisling : en studie i landssvik. Universitetsforlaget. ISBN 8200184013.
- Hans Fredrik Dahl (1991). Vidkun Quisling : En fører blir til. Aschehoug. ISBN 8257409049.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.