amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Albert Ayler (fødd 13. juli 1936 i Cleveland Heights i Ohio, død 5. november 1970 i New York) var ein amerikansk jazzsaxofonist, songar og komponist, og ein av pionerane innan frijazzen.
Albert Ayler | |||
| |||
Fødd | 13. juli 1936 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Cleveland | ||
Død | 25. november 1970 (34 år) | ||
Dødsstad | New York by | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1952–1970, 1970 | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | saksofon | ||
Plateselskap | ESP-Disk | ||
Verka som | saksofonist, komponist, jazzmusikar, plateartist |
Ayler stamma frå ein musikarfamilie – trompetisten Don Ayler var bror hans – og fekk kjennskap til jazz frå ung aler. Sju år gammal lærte han altsaksofon og spelte tidleg i bandet til faren Edward. Utdanning fekk han på Cleveland Academy of Music. Frå 1952 til 1960 reiste han med blues- og rhythm and blues-bands – som Little Walter og Lloyd Price – gjennom USA. Under militærtenesta jamma han med Stanley Turrentine, og allereie nå med Lewis Worrell og Beaver Harris som han seinare samarbeidde med. Han skifta òg over til tenorsaksofon på denne tida. I 1960-1961 spelte han på jazzklubbar i Paris og i 1962 var han aktiv som underhaldningsmusikar i Skandinavia og spelte med Dexter Gordon, Don Byas og Don Cherry og til slutt med gruppa til Cecil Taylor på Jazzhus Montmartre i København. Dei første plateinnspelingane til Ayler gjekk føre seg i Danmark.[1]
I 1964 reiste Ayle på europaturné med Cherry, Gary Peacock og Sunny Murray og i samband med denne spelte dei inn det første albumet i New York.[2] Ayler gav i 1964 ut sitt viktigaste album Spiritual Unity[3] med triobesetninga som òg inneheldt Sunny Murray og Gary Peacock. Don Cherry kom til og i 1965 danna Ayler ein kvintett der òg broren Don blei med. Ayler spelte no inn musikk til ei rekke album for avantgardelabelen ESP-Disk. Besetninga varierte, til dømes var musikarar som Charles Tyler, cellisten Joel Freedman og bassisten Henry Grimes med. Med ein utvida besetning, som med to bassistar, opptredde han i Greenwich Village i New York frå 1965 til 1967.[4]
Elles spelte Ayler, Don Cherry, John Tchicai, Roswell Rudd, Gary Peacock og Sunny Murray inn New York Eye and Ear Control som blir rekna som det første albumet med «Free Form» improvisasjonar. I 1966 samarbeidde han med bassisten Bill Folwell og slagverkaren Beaver Harris på Newport Jazz Festival.
Etter oppmoding av Bob Thiele nærma Ayler i dei seinare innspelingane sine (1968, 1969) meir kommersielle musikkformer, da spesielt rhytm and bluesen frå dei første åra, «rett nok utan å gi opp noko vesentleg som solist».[5] Til dømes trekte han inn Canned-Heat-gitaristen Henry Vestine, lèt andre blåsarar spele enkle riff og tok i bruk uvanlege klangfargar ved hjelp av spinett, sekkepipe og jodling.
I 1970 fekk Ayler nesten ikkje noko å gjere i USA. I juni 1970 reiste han til Europa for å spele i Frankrike.[6] Han kan ha spelt ein siste gong i New York (i august), men dette er ikkje sikkert. Tidleg i november 1970 forsvann Albert Ayler brått og 25. november 1970 blei han funne drukna i East River ved New York. Rykta svirra, til dømes om at han blei avretta på grunn av nakotikagjeld trass i at folk som stod han nær fortalde at han ikkje tok harde stoff, men berre røyka marihuana no og da.[7] I følgje livsledagaren, Mary Parks, var han suicidal: han kasta saksofonen sin i tv'en, forlèt bustaden, tok ferja til Fridomsstatua og hoppa i elva rett før dei klappa til kai.[8]
Lydbiletet til Ayler var nytt; fullt av multifone klangar, overtoner og modifiserte Rhythm and blues-teknikkar og New Orleans-jazz-spelemåtar. Liksom andre eksperimentelle musikarar opna han dermed nye klangverder; i intervjuar betona han ofte den sentrale betydninga folkesongar og marsjmusikk hadde hatt for den kunstnarlege utviklinga og komposisjonane hans,[9] til dømes «Bells», «Ghosts», «Spirits», «Holy, Holy», «Witches and Devils», «Holy Spirit», «Mothers», «Vibrations» og «The Truth Comes Marching In». Komposisjonane sine tema kling «i si rytmiske enkelheit og med det diatoniske materialet som brotstykke av euro-amerikansk trivialmusikk.»[10] Soliane til Ayler står derimot «i diametral motsetnad til dei betont trivielle tema.» Slik oppstod det «ville, intensive improvisasjonar som stod i skarp kontrast til den folkloristiske naiviteten i temaene».[11]
Martin Kunzler siterte den engelske jazzmusikaren Ronnie Scott som i Melody Maker vitna om rådløysa som mange kolleger og samtidige viste: «Etter den målestokken eg kjenner er ikkje dette jazz.» Ingen innan figur innan frijazzen var så omstridd som Albert Ayler, som spelte slik ein «salmeliknande, forkynnande musikk som trass i at han tok i bruk fleire tradisjonelle element verka å vere så langt unna tradisjon som det går an å komme».[12]
Joachim-Ernst Berendt skriv om stilen til Albert Ayler: «Mottoet hans var alltid: We Play Peace. Dei fri tenorutbrudda til Ayler var forankra på ein særmerkt måte: ved at han greip tilbake til marsj- og sirkusmusikk frå hundreårsskiftet, til folkedansar, vals og polka, men òg på dirges, sørgemusikken frå funeral-prosesjonane i det gamle New Orleans.» Berendt la vekt på kor nær Ayler kom det folkemusikalske ubundne field cry og den arkaiske Folk Blues.[13] Jazzskribenten Arrigo Pollilo Ytra seg meir kritisk; stilt overfor «opprivne ekko» av ulike folk-element konstaterte han: «Men her manglar gleda heilt og fullt. Ho verkar forfalska i form av ein illusjon som syner ein mekanisk ballett som blir reflektert i eit uhyggeleg forvrengt spegelbilete.»[14] Men etter Andre Asriel sitt utsagn handlar det om «imponerande stykke der Ayler, som gjentekne gonger uttrykte sin lengt etter ei trygg og fredeleg verd, gestalta at stilt overfor dei rå realitetane i livet var ei slik verd umogleg» for afroamerikanarane i USA.[11]
David Murray laga sine første album (t.d. Flowers for Albert) under inntrykk av Ayler sine «eruptive klangstraumar»[15] Ian Carr skriv i Jazz Rough Guide at utalige musikarar følgjer opp Ayler sin «spirit».
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.