From Wikipedia, the free encyclopedia
Akter eller atter er eit namn på den bakre delen på eit skip, attanfor tvers, det vil seia alt som er bak midtskips. Ordet kjem frå nederlandsk på same måte som ei rekkje andre skipsuttrykk som vart teke opp i norsk språk medan Nederland var ein til dominerande handels- og sjøfartsnasjon i vår del av verda på 1600-talet.
Antonymet til akter er forut, og til sjølve akterenden eller akterspeilet er antonymet baugen.
Akterstamn er sambandet akterut mellom dei to sidene av eit fartøy med spiss akterende. På småbåtar er akterstamnen som regel ein litt krum, profilert planke av eik, som hudplankane er spikra eller skrudd til.
Retninga midt akterover mot eit bestemt punkt vert kalla akterstevning.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.