From Wikipedia, the free encyclopedia
Aitaroun eller Aytaroun (arabisk عيترون) er ein landsby i Libanon som ligg i Bint-Jbeil distrikt. Han ligg like nord for grensa til Israel og 125 km frå Beirut.
Aitaroun | |||
عيترون | |||
by | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
guvernement | Nabatieh guvernement | ||
Distrikt | Bint Jbeil distrikt | ||
Koordinatar | 33°07′N 35°28′E | ||
Folketal | 20 000 | ||
Retningsnummer | +961 | ||
Aitaroun 33.116666666667°N 35.466666666667°E | |||
Kart som viser Aitaroun.
|
Aitaroun er rekna som ein av dei største landsbyane i det sørlege Libanon med eit folketal estimert til kring 20 000 (2002).
Hovudnæringa i landsbyen er jordbruk. Det er fem skular i Aitaroun, to offentlege og tre private.
Under Libanonkrigen i 2006 blei byen råka av fleire flyåtak. 16. juli blei 12 sivile frå Akhrass-familien, mellomdei 7 kanadiske statsborgarar, drepne då huset deira blei øydelagd i israelske åtak.[1] 18. juli blei 9 sivile frå Awada-familien drepne.[2] 19. juli blei 6 sivile drepne og 8 såra i israelske åtak medan dei prøvde å flykta frå Aitaroun.[3] Landsbyen mista i alt 41 innbyggjarar i krigen.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.