Adamit
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Adamit (אֲדָמִית) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg vest i Galilea i Israel nær grensa til Libanon, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 110.[1]
Remove ads
Historie
Kibbutzen Adamit vart grunnlagd i august 1958 av medlemmar frå Hashomer Hatzair, og vart kalla opp etter ein by frå tida kring Det andre tempelet, som låg i dette området.[2] Kibbutzen vart grunnlagd på landområdet til den avfolka palestinske landsbyen Khirbat Iribbin, som låg vest for landsbyen.[3] I 1967 vart kibbutzen fråflytta, og berre Nahal-grupper var att.[treng kjelde] I 1971 vart kibbutzen busett på ny av immigrantar frå England, USA og Canada, etter eitt år med opplæring i kibbutzen Mishmar HaEmek. I 1980-åra leid kibbutzen av økonomiske problem og kom under bustyrarskap. Sidan 1990-åra vart det bygd eit nytt nabolag i åssida over landsbyen.[4]
Remove ads
Geografi og klima
Kibbutzen ligg på ein ås med flott utsyn over Galilea. På eine sida ligg Nahal Betzet naturreservat, og i nord Nahal Namer. Regionen får normalt 750 millimeter nedbør i året, som er relativt høgt for Israel.[4]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads