Adama Barrow

From Wikipedia, the free encyclopedia

Adama Barrow

Adama Barrow (fødd 15. februar 1965) er ein gambisk politikar og noverande president i Gambia.[1] Han blei teken i eid ved ein seremoni halden ved den gambiske ambassaden i Dakar i Senegal den 19. januar 2017, etter at han vann presidentvalet i 2016.[2][3] Retten hans til presidentposten blei omstridd av den føregåande presidenten Yahya Jammeh. Barrow er medlem av partiet United Democratic Party (UDP).[4]

Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...
Adama Barrow
Thumb
Fødd15. februar 1965 (60 år)
Mansajang Kunda, Basse Santa Su
Statsborgar avGambia
ReligionIslam
Yrkepolitikar, kasserar
EktefelleFatoumatta Bah-Barrow
Alle verv
  • Gambias president (2017) 
Lukk

Før presidentkampanjen var han kasserar i UDP og dreiv eit eigedommeklarføretak.[5] Han skipa føretaket, Majum Real Estate, i 2006 etter at han vende heim frå studiane sine i London i England.[6]

21. januar 2017 forlet Jammeh Gambia og drog i eksil etter ei avtale med ECOWAS, slik at maktskiftet kunne halda fram og Barrow blei fullt ut president.[7] Ved presidentvalet i Gambia 2021 blei Barrow gjenvald.[8][9]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.