familie av haukefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Haukefamilien, Accipitridae, er den store biologiske familien i ordenen Accipitriformes, haukefuglar. Den andre store gruppa av rovfuglar er ordenen Falconiformes, falkefuglar. Haukefamilien samlar små til store fuglar med sterkt bøygd nebb og morfologi varierande med diett. Dei lever av ei rekkje byttedyr frå insekt til mellomstore pattedyr, mange et på åtsel og eit par beitar på frukt. Accipitridae har ei kosmopolitisk utbreiing, som finst på alle kontinent unntatt Antarktis og på ei rekkje øygrupper til havs. Nokre artar er trekkfuglar.
Haukefamilien | |
Kongeørn | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Familie: | Haukefamilien Accipitridae Vieillot, 1816 |
Mange kjende fuglar som haukar, ørner, glentar, kjerrhaukar og gribbar er inkludert i denne gruppa. Fiskeørn er vanlegvis plassert i ein eigen familie (Pandionidae), likeins sekretærfugl i Sagittariidae. Kondorar, familien Cathartidae, er vanlegvis no betrakta som sin eigen orden.
Haukefamilien er ein mangfaldig familie der artane har stor variasjon i storleik og form. Dei varierer i storleik frå små perleglente og dverghauk, som begge er 23 centimeter i lengd og veg ca. 85 gram, til munkegribb, som måler opp til 120 cm og veg opptil 14 kg. Inntil 1300-talet vart jamvel munkegribb forbigått av den utdøydde Haast's Eagle (Harpagornis moorei) på New Zealand, som er estimert til å ha målt opp til 140 cm og vog opp til 20 kg.[1] Dei fleste i haukefamilien viser kjønnsdimorfisme i storleik, men uvanleg for fuglar er det hoene som er større enn hannane.[2] Denne kjønnsskilnaden i storleik er mest tydeleg blant aktive artar som jaktar fugl, som Accipiter-haukar, der skilnaden i storleik i gjennomsnitt er 25-50 %. Blant eit fleirtal av artar er skilnaden mindre, vanlegvis mellom 5 % til 25 %. Blant åtseletande gribbar og snigeletande glentar, er skilnaden nesten ikkje-eksisterande.[3]
Nebbet på fuglar i haukefamilien er kraftige, bøygde, nokre gonger ekstremt bøygde, som hos kroknebbglente eller snigelglente. Nokre artar har eit hakk eller «tann» i sidekanten av overnebbet. Oversida av nebbrota er dekt av ein kjøttfull membran kalla «cere» som vanlegvis er gul i farga. Artar som jaktar store pattedyr har tjukk og sterk tars, og slangeørner har tjukke skjel for å verne mot bitt.
Fjørdrakta blant Accipitridae kan vere slåande, men er sjeldan i lyse farger, dei fleste fuglane er i kombinasjonar av grått, gulbrunt og brunt.[4] Men alt i alt er fargene bleikare på undersida slik at dei blir mindre iaugefallande mot himmelen sett nedanfrå. Det er sjeldan ulikskap i fjørdrakta mellom kjønna, og når det skjer er hannane lysare enn hoene eller hoene liknar ungfuglar. Blant mange artar har ungfuglar ein distinkt, ulik fjørdrakt. Fleire artar har fjørtopp brukt til signalering, og sjølv artar utan toppar kan heve fjører på krona når dei blir skremt eller opphissa. I kontrast til dette har dei fleste gribbar heilt nakne hovud utan fjører. Det trur ein hindrar tilsøling på fjører når dei beita på kadaver, og det hjelper i termoregulering.[5]
Sansane hos Accipitridae er tilpassa jakt eller kadavereting, og dei har eit særmerkt godt syn. Synet blant nokre haukar og ørner er opp til 8 gonger betre enn hos menneske. Store auge med to fovea gjev kikkertsyn og eit «haukauge» for vurdere rørsler og avstand. Auga er røyrforma og kan ikkje røre seg mykje i augehola. I tillegg til utmerkt syn, har mange artar òg utmerkt høyrsle, men i motsetnad til hos ugler er synet vanlegvis den viktigaste sansen som blir brukt til jakt. Høyrsle kan brukast til å lokalisere byttedyr skjult i vegetasjonen, men synet blir likevel brukt til å fange byttedyret. Generelt har fuglar i haukefamilien ein dårleg luktesans, sjølv gribbar gjer ikkje bruk av luktesans for å finne åtsel, i motsetnad til kondorane i Amerika.
Medlemmer i haukefamilien er hovudsakleg predatorar, og dei fleste artane jaktar aktivt. Bytet blir vanlegvis fanga og drepe med dei kraftige klørne og deretter rive i stykkar med nebbet til for eksempel føde til ungar. Eit fleirtal i haukefamilien er opportunistiske rovdyr som vil ta eventuelle byttedyr som dei kan drepe. Men dei fleste har ein preferanse for ein bestemt type byttedyr som til dømes at kjerrhaukar og våkar tenderer mot å ta små pattedyr som gnagarar, og at Accipiter-haukar tenderer mot å jakte andre fuglar. Dei fleste artane vil supplere kosten med kjøt frå friskt åtsel, men sjølvsagt er ingen så spesialiserte med dette som gribbane. Nokre artar kan opportunistisk ete på frukt, og hos ein art, palmegribb, dannar frukt største delen av kosthaldet.[6] Dei fleste artane vil ikkje ete plantemateriale. Rundt 12 artar lever av utelukkande insekt, 44 andre artar tar insekt i stor mengd, og mange andre tar insekt ved høve.[4] Dietten til vepsevåkar inkluderer ikkje berre insekt som kvefs og bier, men òg honning og vokskaker frå bolet.[7] Snigelglente og kroknebbglente er spesialistar på å ete sniglar. «Ørner» er fleire rovfuglartar som ikkje nødvendigvis er nært nærskylde, men kan vere breitt definerte av storleik og av at dei tar av typisk større byttedyr, inkludert mellomstore pattedyr og større fuglar. Dei fleste artane åtek byttedyr mindre enn dei sjølve. Likevel har einskilde artar vorte registrerte i flukt med byttedyr i klørne litt tyngre enn seg sjølve, ein prestasjon som krev stor fysisk styrke. Haliaeetus-havørner og fiskeørn føretrekkjer i hovudsak å jakte på fisk, fisk gjev ut for meir enn 90 % av føda for dei to sistnemnde slektene. Store artar i familien kan tidvis supplere dietten med andre akvatiske dyr enn fisk. Bazaer i Perninae og skoghaukar i slekta Accipiter kan ta reptil frå tre, medan andre artar jaktar reptil på bakken. Slangar blir spesielt mat for slangeørner og snokørner av slektene Circaetus, Spilornis og Dryotriorchis. [4]
Nolevande artar i haukefamilien i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1, 2024, [8] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[9] Utval av slekter, samt IUCN raudlistekategori, er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist. [10]
Slekt Macheiramphus
Slekt Harpyopsis
Slekt Morphnus
Slekt Harpia
Slekt Stephanoaetus
Slekt Nisaetus 10 artar skogørner
Slekt Spizaetus fire artar skogørner
Slekt Lophotriorchis
Slekt Polemaetus
Slekt Lophaetus
Slekt Ictinaetus
Slekt Clanga
Slekt Hieraaetus fem artar av ørner
Slekt Aquila 11 typiske ørner inklusive kongeørn
Slekt Harpagus
Slekt Kaupifalco
Slekt Micronisus
Slekt Melierax
Slekt Urotriorchis
Slekt Erythrotriorchis
Slekt Megatriorchis
Slekt Microspizias
Slekt Accipiter 50 typiske haukar inklusive hønsehauk
Slekt Circus 16 kjerrhaukar
Slekt Milvus
Slekt Haliastur
Slekt Haliaeetus fire ørner, mellom anna havørn
Slekt Icthyophaga seks ørneartar
Slekt Butastur fire våkar
Slekt Ictinia
Slekt Busarellus
Slekt Rostrhamus
Slekt Helicolestes
Slekt Geranospiza
Slekt Cryptoleucopteryx
Slekt Buteogallus ni våkar
Slekt Morphnarchus
Slekt Rupornis
Slekt Parabuteo
Slekt Geranoaetus
Slekt Pseudastur
Slekt Leucopternis
Slekt Spilornis seks snokørner
Slekt Pithecophaga
Slekt Circaetus seks slangeørner
Slekt Dryotriorchis
Slekt Terathopius
Slekt Necrosyrtes
Slekt Gyps åtte gribbar
Slekt Sarcogyps
Slekt Trigonoceps
Slekt Aegypius
Slekt Torgos
Slekt Elanus fire artar glentar
Slekt Chelictinia
Slekt Gampsonyx
Slekt Polyboroides
Slekt Gypohierax
Slekt Gypaetus
Slekt Neophron
Slekt Eutriorchis
Slekt Leptodon
Slekt Chondrohierax
Slekt Pernis fire vepsevåkar inkludert arten vepsevåk
Slekt Elanoides
Slekt Lophoictinia
Slekt Hamirostra
Slekt Aviceda fem artar bazaer
Slekt Henicopernis
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.