Abram Hanibal (kring 16961783) var ein russisk offiser og embetsmann.[1]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Abram Hanibal
Абрам Петрович Ганнибал [Abram Petrovitsj Gannibal]
Thumb
FøddTruleg 1696
FødestadKeiserriket Etiopia, Logone-Birni, Medri Bahri
Død14. mai 1781
DødsstadSujda
Rangpodpolkovnik (Oberstløytnant), generalmajor, porutsjik-general, general en chef
EiningIngeniørstyrkar
KonfliktarKvadrupelalliansekrigen
Lukk

Hanibal var ein afrikanar som kom til Russland og hoffet til tsar Peter den store i 1704. Han fekk utdanning innan matematikk og militær fortifikasjon i Frankrike, var guvernør i Reval (no Tallinn) i 1742–1752, stod i spissen for bygging av kanalar og sjøfort i Russland og enda den militære karrieren sin som general-en-chef i 1762.

Han er òg kjend under namna Abram Hannibal, Abram Petrov og Ibrahim Petrovitsj Gannibal.[2] Han var oldefaren til forfattaren Aleksandr Pusjkin.

Afrika – fødestad

Det er ikkje heilt klarlagt kvar Abram Hanibal var fødd. I eit brev han skreiv i 1742, oppgav han at han var fødd i byen Logone eller Lagone i Afrika. I tidlegare russiske kjelder blei dette tolka som ein by i Abessinia (Etiopia).[3][4] Den nyaste forskinga viser likevel at Abram Hanibal truleg var fødd i det som i dag er sultanatet Logone-Birni like sør for Tsjadsjøen i Kamerun i Sentral-Afrika.[5] Faren herska over Logone og to andre byar, og Abram var den yngste sonen. Som sjuåring blei han i 1703 røva av tyrkarar og ført til Konstantinopel.[6][7]

Tyrkia – slave hjå sultanen

I Konstantinopel fekk Abram det muslimske namnet Ibrahim og blei slave for den ottomanske sultanen Ahmed III. Eit år seinare blei Abram kjøpt av ein utsending frå tsar Peter den store, og etter ei lang reise frå Konstantinopel kom følgjet fram til Moskva 13. november 1704.

Russland – ved hoffet til tsaren

Abram blei pasje ved hoffet til Peter den store, og tsaren skjønte raskt at Abram var ein oppvakt gut. I tillegg til morsmålet sitt kunne han tyrkisk, og han hadde allereie på den 10 veker lange reisa mot Moskva nådd å læra seg ein god del russisk. Abram fekk vera med tsaren på reiser, og under eit opphald i Vilnius (dagens Litauen) blei han den 13. juli 1705 døypt i den ortodokse kyrkja St. Paraskevas. Tsaren var gudfaren hans og gav han namnet Peter Petrovitsj Petrov. Dette likte ikkje Abram, så han heldt på namnet Abram.

Etter kvart fekk Abram òg vera med tsaren i krigen, blant anna til Poltava (no i Ukraina) der det stod eit stort slag mot svenskane i 1709, og 13-åringen fungerte som den personlege sekretæren til tsaren i felten. Tsaren sørgde for at han fekk god undervising i barne- og ungdomsåra, og Abram viste særskilde anlegg for språk og matematikk. Peter den store tok han difor med seg til Paris i 1717 for at han skulle få vidare utdanning i Frankrike.

Studiar i Frankrike

Etter grunnleggjande studium i Paris, m.a. i matematikk, ynskte Abram Hanibal å halda fram utdanninga si på det franske militærakademiet. Sidan han no var russar, lét ikkje dette seg gjera, men han verva seg til dei franske styrkane som kjempa mot Spania og deltok i 1719 i stridane i Pyreneane, blant anna i San Sebastián. Etter dette blei han teken opp på militærakademiet i La Fère og fullførte utdanninga si i militær fortifikasjon i Metz i 1722. Då ynskte tsaren at han skulle koma attende til Russland.

Militær ingeniør i Russland

Thumb
Kommandantbustaden i Tallinn.
Foto: Elin Galtung Lihaug

I 1723 tok Abram Hanibal opp att pliktene sine som den personlege sekretæren til tsaren og fekk ansvar for biblioteket hans, samstundes som han fungerte som ingeniør ved militære byggeprosjekt, til dømes festninga Kronsjtadt i Finskebukta like vest for St. Petersburg. Hanibal fekk òg tid til å omsetja bøker for tsaren frå framande språk (til dømes fransk, nederlandsk, tysk og italiensk) og til sjølv å skriva ei lærebok, Geometri og Fortifikasjon, som no er teken vare på i biblioteket til det russiske vitskapsakademiet i St. Petersburg.

Knappe to år etter at Abram Hanibal kom attende til Russland, i januar 1725, døydde Peter den store. Enkja hans overtok trona som Katarina I. Ho lét afrikanaren få halda fram med verksemda si, og han fekk dessutan i oppdrag å undervisa den vesle tronarvingen, ni år gamle Peter II, i matematikk og geometri.

I 1727 døydde også Katarina I, og ho blei etterfølgd av tsar Peter II. Sidan han berre var 11 år, måtte Russland styrast av eit øvste riksråd, men i praksis blei det formyndaren for den vesle tsaren, Aleksandr Mensjikov, som hadde makta det fyrste året. Mensjikov hadde vore ein av dei nære medarbeidarane til Peter den store, og kjende til Abram Hanibal sitt nære tilhøve til hoffet. Fordi Hanibal utgjorde ein trussel for Mensjikov, blei han straks beordra til å overvaka festningsbygging i Sibir – fyrst i Kazan og Tobolsk, deretter i Selenginsk ved Irkutsk.

Thumb
Teksten på skiltet på kommandantbustaden i Tallinn lyder: I denne bygningen budde i 1742-1752 oldefaren til A.S. Pusjkin, Abram Petrovitsj Hannibal (1696-1781)
Foto: Elin Galtung Lihaug

Peter II døydde òg tidleg, i 1730, og Anna I overtok trona. Det blei like etterpå sendt bod til Abram Hanibal at han kunne få koma attende til Europa, og han blei overført til Ingeniørkorpset i St. Petersburg. Der møtte han Andrej Dioper, ein gresk marinekaptein som tenestegjorde i den russiske flåten. Han hadde ei dotter, Evdokia, og faren medverka sterkt til at ho den 17. januar 1731 blei den fyrste kona til Abram Hanibal.

Livland – kaptein

Nokre veker etter bryllaupet blei kaptein Abram Hanibal beordra til Pärnu i Livland (no i Estland), som no var blitt russisk område, for å undervisa ved ingeniørhøgskulen der. Hanibal blei likevel freista forgifta av kona og ein av elevane sine, og ekteskapet var slutt etter eitt års tid. Hanibal hadde ei vanskeleg tid i Pärnu, men måtte bli der i nesten tre år til han endeleg fekk godkjent søknaden sin om avskjed.

Estland – oberstløytnant

I 1733 flytta Abram Hanibal til Reval (no Tallinn) i Estland der han kjøpte seg ein eigedom og trekte seg tilbake. Ikkje lenge etter traff han Christina Regina Siöberg som han gifta seg med i 1736.

Fire år seinare var det igjen tronskifte i Russland. Anna I døydde etter å ha regjert i ti år, og den nye tsaren, Ivan VI, var då berre to månader gammal. Mora til babyen, Anna Leopoldovna, fungerte som regent, og i 1741 utnemnde ho Abram Hanibal til oberstløytnant i eit artilleri-regiment og gav han landsbyen Rakhula i utkanten av Reval.

Thumb
Brev signert av А. Ганибал (A. Ganibal) 22. mars 1744. Byarkivet i Tallinn
Foto: Elin Galtung Lihaug

Etter at Peter den store si dotter, Elisabet I, overtok trona i 1741, blei Hanibal igjen ein prominent person ved hoffet. I januar 1742 blei han forfremja til generalmajor og utnemnd til kommandant av Reval og sjef for garnisonen. Dessutan gav Elisabet han eigedomen Mikhailovskoje i nærleiken av Pskov med nesten 600 liveigne bønder. Han hadde stillinga som kommandant frå 1742 til 1752.

I 1743 underskreiv Russland og Sverige ein fredstraktat i Åbo, og i 1745 utnemnde Elisabeth I Abram Hanibal til sjef for ein russisk delegasjon som blei send til Finland for å gjera ein grenseoppgang. Tre år seinare måtte Hanibal igjen reisa til Finland for å halda fram forhandlingane med Sverige. Han fekk gjennomslag for kravet til russarane og blei i 1748 dekorert av Elisabeth I med Sankta Annas orden.

I løpet av dei ti åra Hanibal var kommandant i Reval, signerte han mange brev og forordninger. Eitt av desse breva, signert 22. mars 1744 av «A. Ganibal», er fotografert i Byarkivet i Tallinn (sjå illustrasjon). Underskrifta hans viser at han i røyndomen skreiv namnet sit med berre éin «n», men dei aller fleste omtaler av han nemner han som anten Hannibal eller Gannibal.

General-en-chef i Russland

I 1752 blei Abram Hanibal overført til St. Petersburg og blei der teknisk sjef for fortifikasjon i den russiske armeen. Han skulle blant anna kontrollera utdanninga av militære ingeniørar i Moskva og St. Petersburg og innførte då (sivil) arkitektur som ein del av undervisinga. I 1755 blei Hanibal utnemnd til guvernør i provinsen Vyborg, i 1756 til generalingeniør (øvste militære ingeniør i det russiske imperiet), og i 1759 nådde han toppen av den militære karrieren sin – han blei utnemnd til general-en-chef med ansvar for sjøforta og for kanalbygging (Kronstadt- og Ladoga-kanalane). Året etter dekorerte Elisabet I han med Aleksandr Nevskij-ordenen.

Dei siste åra i Russland

Thumb
Ivan Abramovitsj Hanibal (1735-1801), admiral og son av Abram Hanibal

Abram Hanibal trekte seg tilbake då han var 66 år, i 1762. Dei siste 19 åra av livet budde han på godsa sine Mikhailovskoje ved Pskov og Suida ved St. Petersburg. Parkane på eigedomane blei haldne i fransk stil, og i hagen i Suida dyrka han grønsaker – han bidrog til dømes til å innføra poteta til Russland. Dessutan bygde han drivhus, slik at han kunne dyrka appelsinar og anna frukt. Abram Hanibal døydde 85 år gammal den 14. mai 1781 i Suida.

Familie

Thumb
Minnesmerke til Abram Hannibal og Aleksandr Pusjkin i Vilnius.

Abram Hanibal var gift to gonger. Den fyrste kona hans heitte Evdokia Dioper og var dotter av ein gresk marineoffiser som tenestegjorde i den russiske flåten. Paret gifta seg i 1731, men Evdokia hadde ingen kjensler for mannen sin, som ho var blitt tvinga til å gifta seg med. Ho hadde derimot eit tilhøve til ein marineoffiser, og etter nokre månader fødde Evdokia ei dotter med kvit hudfarge. Då Hanibal såg at ho hadde vore utru, fekk han henne arrestert og fengsla.

I 1733 byrja Abram Hanibal å bu saman med ei anna kvinne, Christina Regina Siöberg, og han gifta seg med henne i Reval (no: Tallinn) i 1736, eitt år etter at den fyrste sonen deira, Ivan, var fødd og før han var skild frå den fyrste kona si. Saken mot Evdokia Dioper trekte ut i tid, og skilsmissa blei ikkje endeleg før i 1753. Evdokia blei dømd til å bu resten av livet i kloster, og det andre ekteskapet til Hanibal blei dømt lovleg, til trass for bigami.

På farssida nedstamma Christina Regina Siöberg frå adelsfamiliar i Skandinavia og Tyskland: Siöberg (Sverige), Galtung (Noreg) og Grabow (Danmark og Brandenburg).[8][9] Abram Hanibal og Christina Regina Siöberg fekk ti barn saman.

Alle sønene hadde ein militær løpebane, og den eldste sonen, Ivan, blei admiral og grunnla byen Kherson ved Svartehavet i 1779. Son nummer tre, Osip, fekk ei dotter, Nadesjda, som blei mor til den store russiske diktaren Aleksandr Pusjkin.[10]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.