From Wikipedia, the free encyclopedia
Aalen er ein by i Tyskland sør i delstaten Baden-Württemberg med om lag 66 000 innbyggjarar. Byen er sete for landkreisen Ostalbkreis.
Aalen | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Baden-Württemberg Stuttgart Ostalbkreis |
Grunnlagd | Sannsynlegvis på 1200-talet |
Ordførar | Thilo Rentschler (SPD) |
Geografi | |
Flatevidd - By |
146,63 km² |
Innbyggjarar[1] - By (2012) - folketettleik |
66 590 454/km² |
Koordinatar | 48°50′0″N 10°6′0″E |
Høgd over havet | 430 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 73430-73434 |
Telefon-retningsnummer | 07361, 07366, 07367 |
Bilnummer | AA |
Heimeside: www.aalen.de |
Aalen ligg ved elva Kocher, ved foten av Schwabisk Alb, som ligg sør og søraust for byen. I nord ligg åslandskapet Ellwanger Berge. Aalen er om lag 70 km aust for Stuttgart og 48 km nord for Ulm.
Omkring 150-160 e.kr. låg det ein liten romersk festning her. Denne posisjonen var strategisk viktig på denne tida, sidan han låg i nærleiken av limes (grensa til Romarriket). Sjølve byen dukka først opp tusen år seinare, sannsynlegvis på 1200-talet. Han vart først nemnd i skriftlege kjelder på 1300-talet, då han var under grevane av Oettingen. Aalen var ein keisarby frå 1360 til 1802, då han vart annektert av Württemberg. Ein alvorleg bybrann råka byen i 1634. Han vart så sete for ein Oberamt, som landkreisen Aalen oppstod frå i 1938. I 1973 vart han slått saman med landkreisen Schwäbisch Gmünd til det nye Ostalbkreis. I 1975 vart Wasseralfingen, ein by med ein tredjedel av innbyggjarane i Aalen, slått saman med Aalen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.