167 fvt: Antiokhos IV av Syria gav ordre om å reise eit altar for Zevs i Tempelet i Jerusalem. Mattitjáhu og dei fem sønene hans, Johanán, Sjimón, El‘azár, Jonatán og Jehudá leidde eit opprør mot Antiokhos. Jehudá blei kjend som Jehudá Makkabbí (Jehudá hammaren).
166 fvt: Mattitjáhu døydde i Jerusalem og Jehudá Makkabbí tok over plassen hans som leiar av det jødiske folket. Hasmonear-dynastiet vart etablert; det kom til å vara fram til 63 fvt.
165 fvt: Det jødiske opprøret mot Selevkid-dynastiet vann. Tempelet i Jerusalem]] blei frigjort og atterinnvigd. Dette er rekna som opphavet til den jødiske lyshøgtida hanukká.
160 fvt: Den jødiske leiaren Judas Maccabaeus blei overvunnen av selevkidehæren til Bacchides.
159 fvt: Marcus Æmilius Lepidus blei utnemnd til leiar av det romerske senatet for femte gong.
153 fvt: I Romarriket feira ein nyttår den 1. januar for første gong (mot tidlegare i mars)
151 fvt: Keisar Agnimitra av sungadynastiet i India tok trona etter far sin.
142 fvt: Det andre jødiske samveldet vart etablert. Selevkidane godkjende det jødiske sjølvstyret. Selevkidarkongen hadde eit formelt overherredømme som var anerkjent av hasmonearane. Dette vart innleiinga til ein periode med geografisk utviding, folkevekst og religiøs, kulturell og sosialt sett positiv utvikling.
110 fvt: Jugurtha av Numidia vann over den romerske hæren under Aulus Postumius Albinus.
108 fvt: Romerske styrkar under Caecilius Metellus kjempa mot Jugurtha av Numidia.
107 fvt: Den romerske generalen Gaius Marius kom til Nord-Afrika for å få fortgang i kampen mot Jugurtha av Numidia.
106 fvt: Kina og Persia oppretta diplomatisk samband.
105 fvt: Romarane lei sitt største nederlag sidan slaget ved Cannae i 216 f.Kr. då kimbrarar og teutonarar desimerte to romerske arméar i slaget ved Arausio. 80000 romarar og 32000 hjelpetroppar og fylgjesmenn skal ha falle.
104 fv.: Aristobulus I av Judea blei ny konge etter Johannes Hyrcanus.
Athenion starta eit slaveopprør i Segesta.
Gaius Marius blei romersk konsul, den første av fem periodar på rad.
103 fvt: Alexander Jannaeus blei konge etter Aristobulus I av Judea.
Ein romersk hær på 14 000 gjekk i land på Sicilia for å slå ned slaveopprøret der.