kommune i Buskerud fylke i Norge From Wikipedia, the free encyclopedia
Øvre Eiker er ein kommune i Buskerud fylke. Saman med Nedre Eiker, som no er innlemma i Drammen kommune, er han ein del av landskapet Eiker. Hokksund er kommunesenter og heimen til rundt halvparten av innbyggjarane i kommunen; andre bur i tettstadene Vestfossen, Skotselv, Ormåsen og Darbu.
Øvre Eiker kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Buskerud | ||
Adm.senter | Hokksund | ||
Areal | 457 km² | ||
• land | 421 km² | ||
• vatn | 36 km² | ||
Folketal | 20 779 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Knut Kvale (Sp) | ||
Kommunenr. | 3314 | ||
![]() Øvre Eiker 59.771944444444°N 9.8361111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Øvre Eiker | |||
Nettstad: www.ovre-eiker.kommune.no | |||
Tusenårsstaden til Øvre Eiker ligg i Hokksund, på austsida av Drammenselva, på den gamle sorenskrivartomta mellom «Hokksund Båt og Camping» og brua. Staden blei offisielt opna i juni 2005 samtidig med ei stor markering av hundreårsjubileet for unionsoppløysinga. Det er mellom anna sett opp ein eigen skulpturpark her der alle skular i kommunen har laga kvar sin skulptur. På tusenårsstaden er det òg eit museum om Nøstetangen glassverk og eit glasblåseri som har teke opp igjen arva frå det opphavlege glasverket.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.