From Wikipedia, the free encyclopedia
57°23′41.456″N 12°48′12.726″E Öxabäck er ein svensk tettstad i Marks kommun i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. I 2005 hadde tettstaden 336 innbyggjarar.
Staden har ein liten daglegvarebutikk. Næraste handlesenter er i Kinna (ca. 17 km frå Öxabäck).
Öxabäck har hatt eit særs fremgangsrikt damelag i fotball, Öxabäck IF. Dei blei svenske meistrar heile seks gonger mellom 1973 og 1988, noko berre Jitex BK og Umeå IK har greid å tangere. Den siste tittelen vann laget i 1988. Etter 1999 blei damelaget nedlagt. Det blei òg seks svenske cupmeisterskap i åra mellom 1985 og 1991. Det einaste finaletapet i desse åra var i 1990 mot Malmö FF.
Öxabäck/Mark IF var innebandylaget til byen fram til 1999, då laget blei slått saman med Örby IF og Berghem IF, og danna Team Tygriket 99.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.