From Wikipedia, the free encyclopedia
58°31′15.438″N 15°10′19.628″E Österstad er ein svensk tettstad i Motala kommun i Östergötlands län i Östergötland. I 2005 hadde tettstaden 334 innbyggjarar.
Staden har bensinstasjon, traktorservicefirma, barnehage og grunnskule. Byen ligg om lag 10 km frå Motala og Borensberg og 35 km frå Linköping.
Det er ca. 2 km til næraste kyrkje, Ekebyborna kyrka. Ho er kjend frå 1100-talet, og var den kyrkja som heilage Birgitta tilhøyrte og vitja i dei 30 åra ho budde på Ulfåsa gard, i dag Ulfåsa slott. Österstad skule brukar òg kyrkja ved jule- og sommaravslutningar.
Österstad byrja å vokse då det blei bygd jernbane forbi staden på 1940-talet, men veksten skaut ikkje riktig fart før på 1960-talet. Det store fleirtalet av bustader er teglsteinshus, bygd i 60-talsstil. Jernbanen blei etter kvart lagt ned og erstatta med bilveg. To busslinjer trafikkerer Österstad, linje 622 Motala-Borensberg og 620 Linköping-Motala.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.