From Wikipedia, the free encyclopedia
Émile Henri Bernard (28. april 1868–15. april 1941) var ein fransk målar og forfattar frå Lille. Han er særleg kjend for sine verk frå perioden 1886 til 1897, då han var aktiv mellom dei mest nyskapande målarane i samtida, noko han seinare skreiv inngåande om i bøkene han gav ut. Bernard vert rekna mellom dei postimpresjonistiske målarane, ganske særleg symbolismen.
Émile Bernard | |
Henri de Toulouse-Lautrec: Portrett av Émile Bernard, 1886 | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 28. april 1868 Lille |
Død |
16. april 1941 (72 år) |
Yrke | kunstmålar, lyrikar, skribent, illustratør, fotograf, biletkunstnar, grafikar, bilethoggar, grafikar, akvarellmaler |
Språk | fransk |
Sjanger | portrett, landskapsmåleri, religiøst maleri, akt, byprospekt, sjangermåleri, mytologisk maleri |
Ektefelle | Andrée Fort |
Émile Bernard på Commons |
Bernard var son til ein tekstilfabrikant. Familien flytta til Paris då Émile var 10 år gammal. 16 år gammal byrja han i lære hos målaren Fernand Cormon, der han vart kjend med Louis Anquetin og Henri de Toulouse-Lautrec. To år seinare braut Bernard av studiane hos Cormon, då han og læremeisteren hadde uforlikelege kunstsyn.
Vinteren 1886-87 møtte Bernard i Paris den nederlandske målaren Vincent van Gogh, begge to oppglødde over det visuelle møtet med japansk fargetresnitt. Bernard byrja elles snart å måle i ein pointillistisk stil. Våren 1887 reiste han til Normandie og Bretagne, saman med Anquetin. Bernard budde to månader i Saint-Briac-sur-Mer, før han reiste tilbake til Pont-Aven.
I Pont-Aven møtte så Bernard i august månad 1888 Paul Gauguin. Dei to målarane utvikla då syntetismen, ei kunstform der biletet framom alt utmerkar seg med skarpe og tydelege former og eit avgrensa fargespekter. Tre år seinare braut Bernard kontakten med Gauguin, då Gauguin fekk æra for stilretninga symbolismen.
Bernard la i 1893 ut på ei reise til Italia, og med finansiell stønad frå mesenen Antoine de La Rochefoucauld, til Egypt. Dei neste ti åra budde Bernard i Egypt, den gongen eit britisk protektorat. Han flytta i februar 1904 tilbake til Frankrike, der han var innom Paul Cézanne i Aix-en-Provence før han slo seg ned i Paris.
Resten av livet budde han for det meste i Paris.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.