Daktyli, daktyl- eller daktylo- (frå gresk δακτυλος, daktylos, 'finger')[1] er eit vitskapleg omgrep for noko som har med fingrar og tær å gjera.[2][3]
Daktylogi tyder til dømes fingerspråk, medan daktyloskopi er ei nemning for studiet av fingeravtrykk. Elles kan daktyli visa til talet på, eller stillinga til, tær eller fingrar hjå menneske og dyr.
Tal på tær og fingrar
Monodaktyli
Monodaktyli (av gresk monos-, 'ein') viser til ein tilstand der ein har ei enkelt tå på ein lem, som hjå moderne hestar. Desse høyrer til gruppa Perissodactyla.
Didaktyli
Didaktyli (av gresk di-, 'to') eller bidaktyli viser til ein tilstand der ein har to fingrar eller tær på kvar lem, som hjå tofingra dovendyr (Choloepus) og hovdyrgruppa Hypertragulidae. Partåa hovdyr som hjort, sau og storfe (Artiodactyla) har berre to tær på kvar fot. Det same gjeld strutsar.
Tridaktyli
Tridaktyli (av gresk tri-, 'tre') viser til ein tilstand der ein har tre fingrar eller tær på ein lem, som hjå nashorn og hesteforfedrar som Protohippus og Hipparion. Desse høyrer alle til gruppa Perissodactyla. Nokre fuglar har også tre tær, som emuar, trappar og vaktlar.
Tetradaktyli
Tetradaktyli (av gresk tetra-, 'fire') viser til ein tilstand der ein har fire fingrar eller tær på ein lem, som hjå mange amfibiar, fuglar og dinosaurgruppa theropodar. Nokre pattedyr har også tetradaktyli, til dømes hundar og kattar på bakføtene.
Pentadaktyli
Pentadaktyli (av gresk pénte, 'fem') viser til ein tilstand der ein har fem fingrar eller tær på kvar lem. Ein finn mellom anna pentadaktyli hjå menneske og reptilar. Ein utbreidd teori hevdar at alle tetrapodar eller firbeinte virveldyr stammar frå eit dyr med fem fingrar/tær på kvar lem, og at dei som har færre har mista dei gjennom evolusjon. Stephen Jay Gould la fram ein annan teori i artikkelen «Eight (Or Fewer) Little Piggies» i 1991.[4]
Tåstilling
Anisodaktyli
Anisodaktyli er den vanlegaste stillinga for tærne til fuglar, med tre tær som peikar framover og ei som peikar bakover. Dette er vanleg hjå sporvefuglar, duefuglar, hønsefuglar og hjå rovfuglar som ørner, haukar og falkar.
Syndaktyli
Syndaktyli hjå fuglar liknar anisodaktyli, bortsett frå at den tredje og fjerde tåa (dei ytste og mellomste frampeikande tærne), eller tre tær, er samanvoksne. Dette førekjem hjå råkefuglar (Coraciiformes), som omfattar isfuglar, motmotar, råkar og bietarar.
Zygodaktyli
Zygodaktyli (frå gresk ζυγος, 'para') er ei tåstilling der to tær (nummer 2 og 3) peikar framover og to andre (nummer 1 og 4) peikar bakover. Dette er vanleg hjå skoglevande dyr som klatrar på stammar eller gjennom bladverk. Ein finn det hjå fuglar som papegøyar, hakkespettar, gaukar og nokre ugler. I tillegg førekjem ei liknande stilling hjå kameleonar. Alle papegøyefuglar, heile gaukefamilien og dei fleste spettefuglar og fiskeørna er zygodaktyle. Det er funne zygodaktyle fotspor frå 120–110 millionar år sidan, 50 millionar år før ein har funne dei eldste identifiserte zygodaktyle fossila.[5]
Heterodaktyli
Heterodaktyli liknar zygodaktyli, bortsett frå at tå nummer 3 og 4 peikar framover medan tå nummer 1 og 2 peikar bakover. Dette førekjem berre hjå trogonar.[6]
Pamprodaktyli
Pamprodaktyli er ei stilling der alle fire tærne peikar framover. Ofte kan ytre tær (nummer 1 og av og til nummer 4) fleksible og kan snuast bakover. Denne stillinga finn ein hjå seglarar (Apodidae) og musfuglar (Coliiformes).
Uventa tal og misdanningar
Fullstendig fråvær av tær eller fingrar der dei er forventa blir kalla adaktyli.[7] Oligodaktyli viser til det å ha færre tær eller fingrar enn forventa. Ektrodaktyli er ei form for oligodaktyli der ei eller fleire av dei midtre tærne eller fingrane manglar. Syndaktyli som misdanning viser til at tær eller fingrar har vokse saman under fosterutviklinga. Polydaktyli viser til det å ha fleire tær eller fingrar enn det som er vanleg.
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.