Zuñifolk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Zuñifolk eller a:shiwi (som dei kallar seg sjølv på sitt eige språk) er eit indiansk folk, ei stamme av puebloindinarar, som hovudsakleg lever i Zuni Pueblo ved Zunielva, ei sideelv til Little Colorado River vest i New Mexico i USA. Zuñiane held til 55 km sør for Gallup i New Mexico og består av om lag 12 000 innbyggjarar. 43 % av indianarstamma lever under fattigdomsgrensa i USA, men mange i indianarstamma reknar ikkje den låge inntekta og livsstilen sin som fattig.[1]