From Wikipedia, the free encyclopedia
Ziganapasset (tyrkisk Zigana Geçidi) er ein fjellovergang i Dei pontiske fjella i provinsen Gümüşhane nær grensa til provinsen Trabzon nordaust i Tyrkia. Passet ligg 2032 meter over havet langs D-885 og Europaveg 97, 60 km frå Gümüşhane og 120 km frå Trabzon ved kysten av Svartehavet. Passet er dekt av snø fem månader av året.[1]
Ziganapasset | |||
Zigana Geçidi | |||
fjellovergang | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Provins | provinsen Gümüşhane | ||
Fjellkjede | Dei pontisk fjella | ||
Høgd | 2 032 moh. | ||
Koordinatar | 40°38′56″N 39°23′34″E | ||
Gjennomfartsåre | D-885, E97 | ||
Ziganapasset 40.649°N 39.3928°E | |||
Kart som viser Ziganapasset.
|
Ziganatunnelen under passet, 1795 meter over havet, er 1702 meter lang og er ein av dei lengste tunnelane i landet.[2]
Landsbyen Zigana, ligg 3,5 km sørvest for tunnelen og er eit populært skiområde.[1]
25. januar 2009 tok eit snøras livet av 11 turgåarar ved Ziganafjellet.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.