From Wikipedia, the free encyclopedia
Zhangjiakou (forenkla kinesisk: 张家口; tradisjonell kinesisk: 張家口; pinyin: Zhāngjiākǒu) er eit byprefektur i provinsen Hebei i Kina. Prefekturet har eit areal på 38 829 km² og 4 345 491 innbyggjarar i 2010. 473 189 menneske budde i sjølve byen. Zhangjiakou grensar mot provinsane Indre Mongolia i nord, og Shanxi i vest.
Byprefekturet Zhangjiakou omfattar fire distrikt (区 qū) og 13 fylke (县 xiàn).
Zhangjiakou var i hundrevis av år ein militær forpost for Beijing. Av den grunn vart den kinesiske muren her bygt dobbel, med ein ytre mur og ein indre mur til vern mot mongolar og andre angrepshærar.
Området rundt og særleg vestfor Zhangjiakou er rikt på kol og jarnmalm, og er grunnlaget stor jarn- og stålindustri. Energiprodusentane Zhangjiakou kolkraftverk og Xiahuayuan kolkraftverk leverer elektrisitet til kraftnettet i Beijing-Tianjin-Tangshan-området. Ein av Kinas største vinprodusentar held til i Shacheng i fylket Huailai.
Kinas riksveg 110 går gjennom området. Han tek til i Beijing og passerer gjennom Zhangjiakou, Jining i Ulaan Chab, Hohhot og Baotou til han endar i Yinchuan i den autonome regionen Ningxia. Også Kinas riksveg 207 går gjennom prefekturet. Denne viktige trafikkåra tek til i Xilinhot i Indre Mongolia og strekker seg sørover til ho endar i Hai'an i Xuwen, ein by som ligg i Xuwen fylke sør på[Leizhouhalvøya i provinsen Guangdong.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.