Zarqa guvernement
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Zarqa guvernement (arabisk محافظة الزرقاء, romanisert Muħāfazat az-Zarqāʾ, lokale dialektar ez-Zergā eller ez-Zer'a) er det tredje største guvernementet i Jordan etter folketal. Det administrative senteret og den største byen i Zarqa guvernement er byen Zarqa. Han ligg 25 km aust for den jordanske hovudstaen Amman. Den nest størte byen i guvernement er Russeifa.
Zarqa | |||
الزرقاء | |||
guvernement | |||
Land | Jordan | ||
---|---|---|---|
Distrikt | 4 | ||
Byar | Russeifa | ||
Hovudstad | Zarqa | ||
Retningsnummer | +(962)5 | ||
Urban | 94.5% | ||
Landsbygd | 5.5% | ||
Zarqa guvernement 31.8333°N 36.8333°E | |||
Kart som viser Zarqa guvernement.
| |||
Wikimedia Commons: Az Zarqa | |||
I Zarqa guvernement ligg dei største militær- og flybasane i Jordan.
Området som Zarqa guvernement dekkjer har vore busett sidan bronsealderen, mellom anna av ammonittane og nabatearane, som bygde fortet kalla Qasr al Hallabat, som òg vart nytta som fort av romarane, og så som ørkenpalass av omajadane. Dei viktigaste historiske stadane er ørkenpalassa til omajadane, som Qasr Amra på verdsarvlista, Qasr al Hallabat, Qasr Shabib i sentrum av Zarqa, i tillegg til Azraqborga.
Etter dei osmanske tyrkarane bygde Hedjaz-banen i byrjinga av 1900-åra, vart Zarqa eit strategisk trafikknutepunkt mellom Damaskus og Medina, og byane langs banen byrja å vekse. Den arabiske legionen frå Jordan, leia av Glubb Pasha, hadde hovudbasen sin i Zarqa.
Zarqa guvernement grensar til Mafraq guvernement i nord og nordaust, Amman guvernement i sør og sørvest, Jerash og Balqa guvernement i vest. Det grensar òg til Saudi-Arabia heilt søraust. Det meste av guvernementet består av Den syriske ørkenen og er tett folkesett. Dei to byane Zarqa og Russeifa er høvesvis den nest og fjerde største i Jordan.
Folketeljinga i 2004 syner at folketalet i Zarqa guvernement var 727 268. Jordansk statistikkdepartement estimerte at folketalet i 2010 var 910 800.[1]
Zarqa guvernement er delt inn i tre departement:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.