![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/91/Egypt_Zagazig_Stadium_Nov-2006.jpg/640px-Egypt_Zagazig_Stadium_Nov-2006.jpg&w=640&q=50)
Zaqaziq
From Wikipedia, the free encyclopedia
Zaqaziq[2] er ein by i Nedre Egypt som ligg aust i Nildeltaet. Byen er hovudstad for Sharqia guvernement, og har rundt 285 100 innbyggjarar (2004).
مصر | |
---|---|
![]() | |
Styresmakter | |
Land Guvernement |
![]() Sharqia |
Geografi | |
Innbyggjarar - By (11. november 2006) |
302 840[1] |
Koordinatar | 30°34′N 31°30′E |
Høgd over havet | 16 m |
Tidssone | EST (UTC+2) |
Zaqaziq ligg ved ei grein av Ismailiakanalen og al-Muˤizz, ein gammal nilkanal. Han er eit kuntepunkt for veg og jernbane, og eit sentrum for korn- og bomullshandel for det fruktbare jordbruksområdet rundt.
I byen ligg Universitetet i Zagaziq, som blei oppretta i 1974, og ei grein av det muslimske Al-Azhar, eitt av dei eldste universiteta i verda.
Byen er fødeplassen til Ahmed Orabi som leidde Orabi-opprøret mot europearane og khedivane i 1882. I Zaqaziq finn ein Orabi-museet tileigna han.
3 kilometer søraust for byen ligg ruinane av Bubastis, ein tidlegare egyptisk hovudstad som var sentrum for kattekulten i landet.