![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/90/Zaha_Hadid_in_Heydar_Aliyev_Cultural_center_in_Baku_nov_2013_%2528cropped%2529.jpg/640px-Zaha_Hadid_in_Heydar_Aliyev_Cultural_center_in_Baku_nov_2013_%2528cropped%2529.jpg&w=640&q=50)
Zaha Hadid
irakisk arkitekt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Zaha Hadid (31. oktober 1950–31. mars 2016)[1] var ein irakisk-britisk arkitekt, kunstnar og designer, anerkjend som ein stor figur i arkitekturen på slutten av 1900- og og byrjinga av 2000-talet. Hadid blei fødd i Bagdad i Irak.[2] Ho studerte matematikk som bachelor og blei student ved Architectural Association School of Architecture i 1972. På leit etter eit alternativt system til tradisjonell arkitektonisk teikning, og påverka av suprematisme og russisk avantgarde, tok Hadid i bruk måling som designverktøy og abstraksjon som utforskingsprinsipp for å «gjenutforska dei avbrotne og uprøvde eksperimenta frå modernismen [...] for å avdekke nye felt innan bygging»).[lower-alpha 1]
Zaha Hadid | |
![]() | |
Fødenamn | Zaha Mohammad Hadid زها حديد |
Statsborgarskap | Storbritannia, Irak |
Fødd | 31. oktober 1950 Bagdad |
Død | |
Yrke | arkitekt, designar, universitetslærar, smykkedesigner, kunstnar, bilethoggar, kunstmålar |
Språk | arabisk, engelsk |
Medlem av | Royal Academy of Arts |
Religion | Islam |
Far | Mohammed Ali Haded |
Ektefelle | ingen verdi |
Nettstad | http://www.zaha-hadid.com |
Zaha Hadid på Commons |
Ho blei kalla «Queen of Curves» i The Guardian,[4] som skreiv at ho "fridde arkitektonisk geometri, og gav det ei heilt ny uttrykksfull identitet".^ [5] Dei viktigaste verka hennar er London Aquatics Centre for olympiske leker i 2012, Broad Art Museum, MAXXI Museum i Roma og Guangzhou operahus.[6] Nokre av prisane hennar blei gjevne posthumt, mellom anna ein statuett ved Brit Awards 2017. Ho er òg blitt anerkjend av Forbes-lista i 2013 som ei av verdas mektigaste kvinner.[7][8][9] Nokre av bygningane hennar var framleis under bygging då ho døydde, som Daxing internasjonale lufthamn i Beijing og Al Wakrah Stadium (no Al Janoub) i Qatar, som blei bygd til fotball-VM 2022.[10][11][12]
Hadid var den fyrste kvinna som vann Pritzkerprisen, i 2004.[13] Ho vann den mest prestisjetunge arkitekturprisen i Storbritannia, Stirling-prisen, i 2010 og 2011. I 2012 blei ho gjort til dame av Elisabeth II for teneste til arkitekturen, og i februar 2016, ein månad før døden, blei ho den fyrste kvinna som blei tildelt Royal Gold Medal frå Royal Institute of British Architects (Ray Eames og Sheila O'Donnell hadde tidlegare fått han i lag med høvesvis Charles Eames og John Tuomey).[14][15][16]
Mange av arbeida til Hadid har berre eksistert som skissemateriale. Ho vert likevel rekna for å vere ein av dei mest banebrytande blant arkitektane i samtida si. Bygningane hennar er blitt kalla «distinkt nyfuturistiske», og karakterisert av dei «kraftfull, bogande formene i dei langstrekte strukturane hennar,»[17] med «talrike perspektivpunkt og fragmentert geometri som framkallar kaoset i moderne liv.»[18]