Ytrefilet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ytrefilet er eit kjøtstykke som kjem frå området langs ryggrada på eit dyr, i filetkammen,[1] lengre oppe enn indrefilet. Han blir danna av den breie ryggmuskelen, musculus longissimus dorsi.[2] Ein kan få ytrefilet frå til dømes storfe, svin, får, hjort, elg[3] og reinsdyr. Kvart dyr kan gje to filetar.[4]
Ytrefilet er eit mørt stykke frå storfe,[5] og ei av dei møraste frå svin.[6] Ein ytrefilet er lang og kan skjerast opp i fleire biffstykke.[7]