From Wikipedia, the free encyclopedia
Yiyang (kinesisk skrift 益阳, pinyin Yìyáng) er eit byprefektur i den nordlege, sentrale delen av provinsen Hunan i Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 12 144 km² og 4 313 084 innbyggjarar i 2010.
Byprefekturet Yiyang omfattar to distrikt (区 qū), eitt byfylke (市 shì) og tre fylke (县 xiàn).
Det kuperte Yiyang har mykje oppdyrka jordbruksland. Hovudavlingane i prefekturet er ris og te, også bambus vert dyrka.
Kinas riksveg 319 fører gjennom fylket. Riksvegen begynner i Xiamen i Fujian, går nordvestover gjennom provinsane Jiangxi, Hunan og Chongqing, til han endar opp i Chengdu, hovudstaden i provinsen Sichuan.
Byen Yiyang vart grunnlagt under Qin-dynastiet.
Det norske misjonsselskap etablerte seg i Hunan-provinsen i 1902. Fleire av misjonsstasjonane låg i prefekturet Yiyang. I sjølve byen Yiyang vart fleire verksemder sett i gang, mellom anna eit sjukehus som i dag er det største i prefekturet.
Andreas Aarflot vart fødd i Yiyang i 1928.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.