Yan'an (kinesisk skrift 延安市, pinyin Yán’ān Shì) er eit byprefektur nord i provinsen Shaanxi i det sentrale Kina. Prefekturet dekker eit areal på 36 712 km² og har om lag 2,19 millionar ibuarar.
Yan'an | |||
byprefektur | |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Areal | 37 030,54 km² | ||
Folketal | 2 187 009 (2010) | ||
Yan'an 36.59523°N 109.48628°E | |||
Plasseinga av Yan'an (gul) i Shaanxi
| |||
Wikimedia Commons: Yan'an | |||
Byprefekturet Yan'an omfattar eitt bydistrikt (区 qū) og tolv fylke (县 xiàn). Mellom dei tolv fylka er Zhidan, tidlegare Bao'an, som fungerte som kinesisk kommunistisk hovudstad inntil Yan'an fekk rolla.
Yan'an er eit reisemål for såkalla «raud turisme» grunna den rolla området spela i perioden 1936-48 som base- og oppladningsstad for dei kinesiske kommunistane før det oppgjeret med Kuomintangregjeringa i åra etter 1945.
Riksveg 210 i Kina går gjennom området. Riksvegen tek til i Baotou i Indre Mongolia, fører gjennom Yan'an, Xi'an, Chongqing og Guiyang og endar opp i Nanning i Guangxi.
Byprefekturet har flysamband over lufthamna Yan'an Ershilipu.
I kinesisk mellomalder vart byen Yan'an kalla Yanzhou. Området vart militærstrategisk viktig for keiserrikat og for tangutane i Det vestlege Xia-dynastiet. Byen vart lenge forsvara av Song-dynastiet (960-1279), før han vart overteken av tangutane i 1082 etter at den nye kanslaren Cai Que let tangutane få kontroll over byen som del av ei fredsavtale. Yan'an og heile Shaanxi vart erobra av mongolane seint i 1220-åra, etter at leiaren deira, Dsjengis Khan, i 1227 hadde døydd under kringsetjinga av Vestxiahovedstaden. Både under Ming-dynastiet (1368–1644) og Qing-dynastiet (1644–1911) rådde keisardømmet over Yan'an.
Yan'anområdet var målet for «Den lange marsjen» og funksjonell hovudstad for den kinesiske kommunistrørsla i tida 1936–48. Kommunistane tok over den katolske katedralen, som var bygt under leiing av ein spansk fransiskanarpater i 1934, og nytta bygningen til møtelokale. Seinare vart ho nytta som kaderskule. Den restaurerte bygningen er i dag eit kommunistisk minnesmerke. Kommunistane i Kina ser på Yan'an som revolusjonen si vogge.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Yan'an» frå Wikipedia på bokmål, den 5. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.