![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2f/Wilson_Kipketer_%25282010%2529.jpg/640px-Wilson_Kipketer_%25282010%2529.jpg&w=640&q=50)
Wilson Kipketer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Wilson Kipketer Kosgei (fødd 12. desember 1972) er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar frå landsbyen Kapchemoyiwo i Kenya som representerte Danmark. Han vart verdsmeister på 800 meter tre gongar på rad; 1995, 1997 og 1999. I 2000 vann han OL-sølv og 2004 OL-bronse på same distansen. Sommaren 1997 forbetra Kipketer verdsrekorden to gongar, fyrst med eit halvt sekund til 1.41,24 i Zürich, og deretter den 7. juli til 1.41,11 i Köln. Rekorden vart sletta av David Rudisha i 2010.
Kjappe fakta
Wilson Kipketer | |
![]() | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 12. desember 1972 (51 år) Kapchemoiywo |
Yrke | mellomdistanseløpar, friidrettsutøvar |
Høgd | 172 centimeter |
Wilson Kipketer på Commons |
Lukk