From Wikipedia, the free encyclopedia
Willy Favre (24. september 1943–19. desember 1986) frå Les Diablerets var ein sveitsisk skirennar. Han vann sølvmedaljen i storslalåm under OL 1968 i Grenoble.
Willy Favre | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 24. september 1943 Ormont-Dessus |
Død | 19. desember 1986 (43 år) |
Idrett | alpint |
Tok del i | Alpint under Vinter-OL 1968 – Storslalåm menn |
Favre vart under vinter-OL 1964 i Innsbruck nummer fire i storslalåmrennet. Han kom også på fjerdeplassen i den alpine kombinasjonen, basert åttandeplassen i utfor og 14. plassen i slalåmtevlinga.
Under VM i alpint 1966 i chilenske Portillo vart han nummer 5 i kombinasjonen og nummer 6 i storslalåm. Hans beste resultat og einaste pallplass i verdscupen, var ein andreplass som han oppnådde 9. januar 1967 i storslalåmrennet i Adelboden. Dette var det tredje første verdscuprennet for menn i den alpine skisoga.
I storslalåmtevlinga under vinter-OL 1968 kom Favre i mål på sølvplassen, men han var over to sekundar bak den triple olympiameisteren Jean-Claude Killy. Han la deretter opp som skialpinist på høgste nivå.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.