From Wikipedia, the free encyclopedia
Vinter-OL 1968 vart arrangert i Grenoble i Frankrike.
Dei 10. olympiske vinterleikane | |
Deltakande nasjonar | 37 |
Deltakarar | 1158 (947 menn, 211 kvinner) |
Øvingar | 35 i 6 idrettsgreiner |
Opningsseremoni | 6. februar 1968 |
Avslutningsseremoni | 18. februar 1968 |
Offisielt opna av | Charles de Gaulle |
Norsk flaggbærar | Bjørn Wirkola |
Noreg vart beste nasjon. Frankrike sin eigen Jean-Claude Killy vart leikane sin framgrunnsfigur med gull i slalåm, storslalåm og utfor. Noreg tok fire gull i langrenn: Både herrelaget og damelaget gjekk til topps i stafetten, Harald Grønningen vann 15-kilometeren, medan Ole Ellefsæter tok seg av femmila. I tillegg vann Magnar Solberg 20 km skiskyting, og Fred Anton Maier vann 5 000-meteren på skøyter.
For fyrste gong tillet den internasjonale olympiske komitéen (IOK) at (Vest-)Tyskland og DDR fekk delta med adskilte troppar. For fyrste gong vart det òg teke dopingtestar av utøvarar.
Norsk flaggberar under opningsseremonien var Bjørn Wirkola, som deltok i hopp.
De 10 beste nasjonene:
Dei beste nasjonane | |||||
---|---|---|---|---|---|
Plass | Nasjon | Gull | Sølv | Bronse | Totalt |
1 | Noreg | 6 | 6 | 2 | 14 |
2 | Sovjetunionen | 5 | 5 | 3 | 13 |
3 | Frankrike | 4 | 3 | 2 | 9 |
4 | Italia | 4 | 0 | 0 | 4 |
5 | Austerrike | 3 | 4 | 4 | 11 |
6 | Nederland | 3 | 3 | 3 | 9 |
7 | Sverige | 3 | 2 | 3 | 8 |
8 | Vest-Tyskland | 2 | 2 | 3 | 7 |
9 | USA | 1 | 5 | 1 | 7 |
10 | Finland | 1 | 2 | 2 | 5 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.