britisk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia
William Thomson, lord Kelvin (26. juni 1824–17. desember 1907) var ein britisk matematisk fysikar som vert rekna som grunnleggaren av termodynamikk. Han var professor i fysikk ved Universitetet i Glasgow frå 1846 til 1899.
Han vart adla av dronning Victoria i 1892 til 'baron Kelvin (lord Kelvin) for arbeidet sitt med å leggje ein transatlantisk telegrafkabel. Namnet Kelvin kjem frå elva Kelvin som renn gjennom universitetsområda i Glasgow. Han starta ved dette universitetet ti år gammal, og då han nådde 22 år var han vorte professor her. Han vart vald som medlem av Royal Society i 1851 og var president der i perioden 1890-1895. I 1896 vart han tildelt Knight Grand Cross av Royal Victorian Order og i 1902 vart han ein av dei første medlemmane av Order of Merit. Han er gravlagt i Westminster Abbey i London.
Lord Kelvin tenkte ut den absolutte temperaturskalaen (kelvinskalaen) i 1848 og SI-eininga for temperatur, Kelvin, er kalla opp etter han. I 1951 gav han ut ei betre forklaring av skalaen, samstundes med at han kom fram til den andre termodynamikklova. I 1853 oppdaga han saman med J.P. Joule Joule-Thomson-effekten. I 1856 føresåg han Thomson-effekten. Lord Kelvin arbeidde innan mange område, tenkte ut nye metodar og gjorde mange oppfinningar. Han var konsulent for firmaet som i 1850-åra la den første transatlantiske telegrafkabelen. I dette arbeidet vart det naudsynt å nytte særs følsame måleinstrument, og han konstruerte då speilgalvanometeret
Lord Kelvin vart utnemnd til æresdoktor ved Det Kongelege Fredriks Universitet i samband med feiringa av 100-årsdagen for fødselsdagen til Niels Henrik Abel i 1902.
«William Thomson Kelvin» i Store norske leksikon, snl.no.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.