From Wikipedia, the free encyclopedia
Wilczek Land (russisk Земля Вильчека, Zemlja Viltsjeka; tysk Wilczek-Land) er ei stor øy ved 80.5833333°N 60.5°E. Ho er ein del av Frans Josefs land i Russland.
Wilczek Land | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Frans Josefs land | ||
Areal | 2 203 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Wilczek Land 80.583333333333°N 60.5°E |
Wilczek Land er den nest største øya i Frans Josefs land. Ho er nesten heilt dekt av is, bortsett frå to smale striper langs vestsida. Det høgaste punktet på øya er 606 meter over havet.
Øya er kalla opp etter den austerriksk-ungarske grev Wilczek (tysk Johann Nepomuk Graf Wilczek).[1] Grev Wilczek finansierte mesteparten av den austerrisksk-ungarske nordpolekspedisjonen til Frans Josefs land.
Mys Ganza er det vestlegaste neset på Wilczek Land. Kanalen i vest, mellom Wilczek Land og Halløya vert kalla Avstrijskij Proliv (Австрийский пролив).
Øya må ikkje forvekslast med den mindre Wilczekøya, Остров Вильчека, som ligg sørvest for Salmøya i same øygruppe og som er kalla opp etter same person.
To av medlemmene av Welle-ekspedisjonen i 1899 overvintra ved Kapp Geller (80°46′N 59°36′E) medan dei venta på at resten av medlemmene frå ekspedisjonen skulle kome tilbake frå Nordpolen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.