Whole Lotta Love
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Whole Lotta Love» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin. Han er opningssporet på det andre albumet, Led Zeppelin II, og vart i USA og Japan gjeven ut som singel. Det vart den første hitsingelen deira i USA og selde til gullplate den 13. april 1970, etter ein million selde eksemplar.[1] Som med andre Led Zeppelin-songar, vart ikkje singelen gjeven ut i Storbritannia, men han vart gjeven ut i Tyskland (der han gjekk til topps), Nederland (4. plass), Belgia og Frankrike.
Whole Lotta Love Singel av Led Zeppelin frå albumet Led Zeppelin II | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 7. november 1969 | |
Innspelt | Mai 1969 | |
Sjanger | Heavy metal, hardrock | |
Lengd | Album: 5:33 Singel: 5:33 (1. trykk), 3:10 (2. trykk) | |
Selskap | Atlantic | |
Komponist | John Paul Jones, John Bonham, Jimmy Page, Robert Plant | |
Tekstforfattar | Robert Plant, John Paul Jones, John Bonham, Jimmy Page | |
Låtskrivar(ar) | John Bonham, John Paul Jones, Jimmy Page, Robert Plant, Willie Dixon | |
Produsent | Jimmy Page | |
Led Zeppelin-kronologi | ||
«Good Times Bad Times» / «Communication Breakdown» (1969) |
Whole Lotta Love | «Immigrant Song» / «Hey Hey What Can I Do» (1970)
|
I 2004 vart songen rangert på 75. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene., og i mars 2005 plasserte Q «Whole Lotta Love» på 3. plass på lista si over dei 100 beste gitarsongane. Han vart plasser på 11. plass på ei liknande liste hos Rolling Stone. I 2009 vart han kåra til den tredje beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1.[2]
«Whole Lotta Love» vart spelt inn i Olympic Studios i London og miksa i A&R Studios i New York. Han vart alt spelt på konsertane deira då han vart gjeven ut på albumet Led Zeppelin II den 22. oktober 1969 (Atlantic LP #8236).