White Light/White Heat
From Wikipedia, the free encyclopedia
White Light/White Heat er det andre studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Velvet Underground. Utgjeve 30. januar 1968 på Verve Records, og var den siste studioinnspelinga deira med multiinstrumentalisten og det opphavlege medlemmet John Cale. Plata vart spelt inn etter at Reed sparka Andy Warhol, som hadde produsert debutplata deira The Velvet Underground & Nico. Dei hyrte Steve Sesnick som ny manager og produsenten Tom Wilson som hadde arbeidd på debutplata. Lydteknikar på White Light/White Heat var Gary Kellgren.
White Light/White Heat Studioalbum av The Velvet Underground | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. januar 1968 | |
Innspelt | September 1967 | |
Studio | Mayfair Sound, Manhattan | |
Sjanger | ||
Lengd | 40:13 | |
Selskap | Verve | |
Produsent | Tom Wilson | |
The Velvet Underground-kronologi | ||
---|---|---|
The Velvet Underground & Nico (1967) |
White Light/White Heat | The Velvet Underground (1969)
|
Singlar frå White Light/White Heat | ||
|
Albumet har tekstar med overskridande tema som på debutplata, som sex, amfetamin og dragqueen. Reed var inspirert av ei rekkje forfattarar, inkludert William S. Burroughs og Alice Bailey, og tekstene skaper fleire karakterar, til dømes i «The Gift» og dei som er namngjevne i «Sister Ray». Musikalsk henta han inspirasjon frå jazz og musikarar som saksofonisten Ornette Coleman. Warhol unnfanga plateomslaget til plata, sjølv om han ikkje offisielt er nemnt for dette.
White Light/White Heat vart spelt inn raskt og modellert etter konsertstilen deira og måten dei improviserte på. Siden dei ofte spelte høgt med nytt utstyr frå ein utstyrsavtale med Vox, vart derimot sluttproduktet komprimert og forvrengt – og dei fleste i bandet var misnøgde med resultatet. Det vart følgd opp av det mindre eksperimentelle The Velvet Underground året etter. Cale slutta i bandet seinare i 1968. Forvrengningsnivået vart ein prototype for punkrock og støyrock. Den 17 minuttar lange «Sister Ray» er rekna som det mest sentrale sporet på albumet av både kritikarar og fans.
White Light/White Heat selde færre eksemplar enn The Velvet Underground & Nico, og nådde berre 199. plassen på Billboard Top LPs-lista. Den einaste singelen på albumet, «White Light/White Heat», klarte ikkje å gå inn på salslista, noko bandet meinte kom av at songen ikkje vart spelt på radio og mange på marknadsføring frå Verve. Albumet vart avvist av mange musikkritikarar på den tida, sjølv om undergrunnsaviser la merke til det. Til sjuande og sist hadde White Light/White Heat ein enorm innverknad på tidlige former for punkrock og no wave og har dukka på fleire lister over tidenes beste album.