From Wikipedia, the free encyclopedia
«White Light/White Heat» er ein song av det amerikanske rockebandet The Velvet Underground og tittelsporet på det andre albumet deira, som kom ut i 1968. Det er ein rask, relativt aggressiv start på albumet, liknande punkrock-sjangeren han seinare var med på å påverke.
White Light/White Heat Song av The Velvet Underground frå albumet White Light/White Heat | ||
Utgjeve | 30.januar 1968 | |
Innspelt | September 1967, Scepter Studios, New York City, New York | |
Sjanger | Rock, protopunk, eksperimentell rock | |
Lengd | 2:47 | |
Selskap | Verve Records | |
Komponist | Lou Reed | |
Tekstforfattar | Lou Reed | |
Låtskrivar(ar) | Lou Reed | |
---|---|---|
Produsent | Tom Wilson | |
The Velvet Underground-kronologi | ||
Sunday Morning (1966) |
White Light/White Heat | What Goes On (1969)
|
Songen vert hovudsakleg sungen av Lou Reed, med John Cale og Sterling Morrison på korvokal. Songen, på liknande vis som «I'm Waiting for the Man», vert framført med eit hamrande rock-and-roll og kro-aktig piano. Songen omhandlar kjensla ein får ved å intravenøst ta metamfetamin og har ein kraftig forvrengd elektrisk bass i avslutninga, spelt av John Cale .
«White Light/White Heat» kom ut i 1968 som singel med «Here She Comes Now» som B-side. «White Light/White Heat» vart òg framført på dei fleste konsertane til Velvet Underground frå 1967 og framover. Reed spelte òg inn ein konsertversjon av songen i 1974, som finst på albumet Rock 'n' Roll Animal.
White Light/White Heat Singel av David Bowie frå albumet Ziggy Stardust - The Motion Picture | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1983 | |
Innspelt | Hammersmith Odeon, London 3. juli 1973 | |
Sjanger | Glamrock | |
Lengd | 4:06 | |
Selskap | RCA 372 | |
Komponist | Lou Reed | |
Tekstforfattar | Lou Reed | |
David Bowie-kronologi | ||
Without You (1983) |
White Light/White Heat | Blue Jean (1984)
|
White Light/White Heat vart ofte spelt live av David Bowie. Ein versjon frå 1973 vart gjeven ut som singel i 1983 for å promotere konsertalbumet Ziggy Stardust: The Motion Picture.
Bowie hadde lenge vore Velvets-fan og hadde spelt «White Light/White Heat» sidan 1971. På plateomslaget til Hunky Dory er songen nemnd som inspirasjonskjelde for Bowie sin «Queen Bitch». Han vart spelt gjennom heile Ziggy Stardust-turneen, mellom anna i lag med Lou Reed den 8. juli 1972. Han vart òg spelt inn av Bowie for BBC og var tenkt som ein del av Pinups. Trass i dette var Ziggy Stardust - The Motion Picture-prosjektet første gong Bowie-versjonen av songen kom ut på plate.
Bowie var på denne tida på høgda av karrieren kommersielt sett med Let's Dance, og «White Light/White Heat» vart rekna som eit uvanleg val for singel, og nådde berre 46. plass i Storbritannia. Songen vart spelt på fleire turnear sidan.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.