While My Guitar Gently Weeps
From Wikipedia, the free encyclopedia
«While My Guitar Gently Weeps» er ein song av The Beatles frå dobbeltalbumet The Beatles (White Album) frå 1968. Songen vart skriven av George Harrison, som opphavleg komponerte han på akustisk gitar og ein mellotron. Eric Clapton spelte sologitar på songen med ein Gibson Les Paul.
Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
While My Guitar Gently Weeps Song av The Beatles frå albumet The Beatles | ||
Utgjeve | 22. november 1968 | |
Innspelt | 5–6. september 1968[1] i EMI Studios, London | |
Sjanger | Rock,[2] blues[3] | |
Lengd | 4:46 | |
Selskap | Apple | |
Komponist | George Harrison | |
Tekstforfattar | George Harrison | |
Låtskrivar(ar) | George Harrison | |
---|---|---|
Produsent | George Martin | |
Lukk
Songen er rangert på 136. plass på musikkmagasinet Rolling Stone si liste over dei 500 beste songane gjennom tidene.[4] Songen vart òg plassert på sjuande plass på lista deira over dei 100 beste gitarsongane nokon gong.