Palace of Westminster eller Westminster Palace er eit slott i Westminster i London som huser Det britiske parlamentet. Bygningen ligg på vestsida av Themsen, like ved elvebreidda. Han blei teken i bruk som parlamentsbygning i 1547. Slottet er sterkt verna (Grade I) i Storbritannia, og blei utpteikt som verdsarv i 1987.

Kjappe fakta Arkitekt, Opna ...
Palace of Westminster
Thumb
ArkitektCharles Barry, Jr., Augustus Pugin
Opna1342
Stilengelsk gotisk arkitektur, perpendikulær stil, nygotikk
Thumb
Palace of Westminster
51.499444444444°N 0.12416666666667°W / 51.499444444444; -0.12416666666667
Lukk

Historie

Bygningen stammar frå mellomalderen. Størsteparten av det opphavlege slottet er brunne ned, men den store hallen, Westminster Hall, er bevart. Arkitekten for denne hallen var Henry Yevele (død 1400), mens taket blei laga ca. 1390 av Hugh Herland (død ca. 1405).

Etter at store delar av slottet brann i 1834 blei den noverande parlamentsbygningen oppført i nygotisk stil av sir Charles Barry og sonen Edward Barry. Interiøret blei teikna av Augustus Pugin. Underhussalen blei restaurert av sir Giles Scott etter eit tysk bombeangrep i 1941.

Bygg og område

Thumb
Sentralvestibylen mellom Over- og Underhuset.

Palasset tar opp ei tomt på 32 400 m². Tomta er omgitt i aust av 266 meter elvebreidd og i vest av Westminster Abbey, Parliament Square og Millbank. I nord ligg Portcullis House, ein moderne kontorbygning for parlamentsmedlemmer og staben deira, og under bakken ligg Westminster undergrunnsstasjon. I sør er Victoria Tower Gardens, ein liten trekanta park mellom Millbank og Themsen.

Bygningen har omkring 1000 rom, 100 trappeoppgangar og 3 km med korridorar. Andre framståande særpreg er:

  • Elizabeth Tower (tidlegare Clock Tower), det 96 meter høge klokketårnet som huser klokka «Big Ben»
  • Underhuset og Overhuset med sine respektive vestibylar, og med ein sentralvestibyle i hjartet av bygningen
  • Victoria Tower, eit firkanta tårn sørvest for bygningen, som utgjer den høgaste delen av bygningen
  • Westminster Hall, bygga 1097–1099 som den eldste delen av slottet

Galleri

Kjelder


Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Palace of Westminster


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.