Waitomo District
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Waitomo er eit distrikt som ligg nord i King Country, i regionen Waikato på Nordøya på New Zealand. Ein liten del av distriktet, byen Tiroa, ligg i regionen Manawatu-Wanganui.
Waitomo District | |||
distrikt | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Folketal | 9 303 (6. mars 2018)[1] | ||
Waitomo District 38.35°S 175.18333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Waitomo District | |||
Distriktet er landleg og for ein stor del eit mjølkeproduserande område. Setet til distriktsstyret, Waitomo District Council, ligg i Te Kuiti, som har eit folketal på 4419. Ingen andre busetnader i distriktet har eit folketal over 500. Folketalet i heile distriktet var ved folketeljinga i 2006 9441[2], av desse var 39% māoriar. Flatevidda til distriktet er 3546,76 km², av dette ligg 94,87 prosent i regionen Waikato og 5,13 prosent i regionen Manawatu-Wanganui. Waitomo District vart oppretta i 1976.
Dei viktigaste næringsvegane i distriktet er saueavl, skogdrift og kalksteinsbrot.
Området er kjent for dei populære karstgrottene Waitomo Caves, tolv km nordvest for Te Kuiti. Det finst talrike andre grotter i kalksteinsklippene i Waitomodistriktet.
Gjennomsnittstemperaturen om sommaren er 18,5°C, om vinteren 9,5 °C, og årsnedbøren er 1473 mm. Det førekjem frost i gjennomsnitt 47 dagar i året, og det årlege talet på solskinstimar er 1749[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.