Waiheke Island
From Wikipedia, the free encyclopedia
Waiheke Island (uttala /'waiheke/ på maori eller /waɪ'hekiː/ på engelsk) er ei øy i Haurakigolfen på New Zealand. Ho ligg om lag 17,7 km (ca. 35 minuttar med ferje) frå Auckland.[1]
Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...
Waiheke Island | |
---|---|
Satellittbilete av øya, august 2002. | |
Geografi | |
![]() | |
Koordinatar | 36°48′S 175°06′E |
Øygruppe | Haurakigolf-øyene
|
Areal | 92 km² |
Lengd | 19,3 km |
Breidd | 0,64 - 9,65 km |
Kystlengd | 133,5 km |
Høgaste punkt | Maunganui (231 moh.) |
Administrasjon | |
Land | New Zealand |
Region | Auckland
|
Demografi | |
Folketal | 7 689 (2006) |
Folketettleik | 83,58 /km² |
Lukk
Øya er den nest største, etter Great Barrier Island, av alle øyene i Haurakigolfen. Ho er også den mest busette med like under 8 000 fastbuande, i tillegg til eit estimert tal på 3 400 som har sin andre heim eller fritidsbustad på øya.[2] Dette gjer Waiheke til den mest folketette øya på New Zealand, med 83,58 menneske/km², og den tredje folkerikaste etter Nord- og Sørøya. Ho er også den lettast tilgjengelege øya i Golfen, med regulære passasjer- og bilferjeruter, og ein del flysamband.