From Wikipedia, the free encyclopedia
Votisk er eit språk som høyrer til den austersjøfinske språkgreina i den uralske språkfamilien.
Ordet vad̕d̕a har same bakgrunn som finsk vaaja. Det same ordet har også blitt brukt som inngruppenamn av eindel samer, vuowjoš og om det gamle stadnamnet Vaiga i austre delar av Estland. Russiske krøniker nemner votarane allereie på 1000-talet, dei blir der kalla водь (vod'). I moderne russisk er namnet på votisk водский язык (vodskij jazyk) og votarar er водский (vodskij). Det finske ordet for votisk og votarar er vatjan kieli og vatjalaiset.
Votisk er eit alvorleg truga språk. Etter den sovjetiske folketeljinga var det i 1989 62 personar med votisk som morsmål. I 1998 var det berre 30-40 som hadde votisk som morsmål, dei budde i Ingermannland langs breidda av Laukaanjoki, sommaren 2003 var det rundt 10 personar som snakka votisk, den yngste talaraen var fødd i 1935. Språket blir ikkje lenger lært av ungar. Ved folketeljinga i 2010 vart det 68 personar som meistra språket.[1] Votarane har alltid vore eit relativt lite folk, på 1800-talet var det heller ikkje meir enn 5 000 av dei.
Votisk har mange drag som skil det frå dei andre austersjøfinske språka. Ein skilnad er lydovergangen k -> tš /ʧ/ foran fremre vokalar, jf. tšentšä, fi. 'kenkä', «sko», mätši, fi. 'mäki' «bakke», retši, fi. 'reki' «slede» og tšeeli, fi. kieli «språk». Sjølve lydovergangen er vanleg nok, ein har det same i vestnorske dialektar og i svensk: (köpa [ʧø:pa]), og i italiensk (centro [ʧɛntro]).
Votisk har ein meir omfattande stadieveksling enn det vi finn i finsk, i tillegg til klusilane (lukkelydane) p, t, k gjeld det klusilsamband, affrikatar og, lang s. Jf. idgön, fi. 'itken' «eg gret», pezäᴅ fi. 'pesät' «reira», laizgaᴅ fi. 'laiskat' «dei late», püsüᴅ fi. 'pyssyt' «geværa», redžeᴅ fi. 'reet' «sledane» og mädžē fi. 'mäen' «bakkens». Her er -dg-, -z-, -zg-, -s-, -dž- svakt stadium av -tk-, -s-, -sk-, -ss-, -tš-.
I vestvotisk har h, k falle bort i slutten av ordet (som det også har gjort i finsk), men i austvotisk er dei bevart, t.d. annaɢ, fi. 'anna' «gje!», kasõɢ fi. 'kaste' «dogg», og pereh fi. 'perhe', «familie». Også suffikset for første person singularis i verb, -n, har falle bort, og sluttvokalen er forlenga, t.d. annā fi. 'annan' «eg gjev» og johsī fi. 'juoksin' «eg sprang», med lang final a og i. Alle nasalar har falle bort der dei stod før klusil i trykksvak staving, t.d. paratan fi. 'parannan' «eg forbetrar», stamme *paranta-, og suurõpi fi. 'suurempi', større.
Det er mogleg å studere votisk som del av eit studium i austersjøfinsk, ved universiteta i Helsingfors, Joensuu, Jyväskylä og Tartu.
Votisk:
Meil õli karjušid. Siz õli palkattu karjušiida nyd enempää eväd, eb õõ karjušiid, eväd, tšenni ep taho mennä karjušissi. Nyd tšävvää vuoroo.[2]
Finsk (ord for ord):
Meillä oli paimenia. Silloin oli palkattu paimenet, mutta enää eivät, ei ole paimenia, eivät, kukaan ei tahdo paimeneksi. Nyt käydään vuoroin.[2]
Omsetjing (ord for ord):
Vi hadde gjetarar. Då var (det) lønna gjetarar, men no ikkje lenger, (det) er ikkje gjetarar, ikkje, ingen vil bli gjetarar. No går dei på skift.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.