Volvo C300-serien
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Volvo Cross Country C300-serien er ein serie med terrenggåande bilar frå Volvo, bygd mellom 1974 og 1984. Den kom i mange utgåver, alle med allhjulsdrift og stålhytte eller kalesjetak. Variantane inkluderte både firehjulstrekk og sekshjulstrekk, det blei også laga prototype på ein versjon med åttehjulstrekk. Bilen var primært designa for militært bruk, men blei også selt på den sivile marknaden.
C300-serien har bladfjører og portalakslar, høg- og lågserie, sekssylindra Volvo B30 bensinmotor og fire- eller femtrinns girkasser. Alle akslane har vakuumstyrte differensialsperrer.
Serien blei utvikla for det svenske forsvaret, basert på den tidlegare Volvo Laplander L-3314. C300-serien har også vore i bruk i andre land. Det norske forsvaret hadde serien på prøve, men sjølv om han var den klart beste i alle testane blei Volvoen vald bort på grunn av den høge prisen.[1]
Når ein etterfølgjar til Volvo L-3314 skulle bli utvikla blei jobben gitt til Nils Magnus «Måns» Hartelius, som også hadde hatt ansvaret for forgjengaren. Arbeidet begynte i 1967, og opphavleg blei det laga prototypar med både to, tre og fire akslar. Av den fireaksla utgåva blei det berre bygd to prototypar, som seinare blei demontert.[2]
C300-serien fekk portalakslar for å gjøra markfrigangen betre. Ulempa blei eit høgare tyngdepunkt, og for å kompensere blei køyretøyet gjort breiare enn L-3314, for å gjøra det meir sidestabilt. Prototypen på den toaksla C303 hadde ein firesylindra B20-motor på to liters slagvolum, mens dei treaksla C304 og C306 hadde ein B30 treliters rekkesekser. Da produksjonen kom i gang i 1974 blei C303 også utstyrt med B30 for å få større komponentfelleskap.[2]
Dette er den toaksla standardversjonen som har blitt produsert i størst tal. Volvo B30 bensinmotor tatt frå Volvo 164 men trimma ned til 117 hk (mot 130 hk i Volvo 164) for å få større dreiemoment på lågt turtal. Girkassa har fire gir og den ekstra girkassa (fordelingskassa) har høg- og lågserie. Han driv vanlegvis på bakakselen, drifta på framakselen blir kopla inn ved hjelp av vakuum. Det er differensialsperrer på begge akslane, også styrt med vakuum. Det svenske forsvaret kallar denne modellen "Terrängbil 11".
Vanlege bilar har stålhytte, men ein variant var open med kalesjeoverbygg og ein annan delvis i stål med presenningtak og -sidevegger.
Dette er ein lengre versjon med høgare lasteevne, vanlegvis treaksla og dermed med sekshjulstrekk. Ein toaksla versjon eksisterer også, blant anna nytta av det malayiske forsvaret. Tilsvarande C303 har han B30-motor og firetrinns girkasse. Akslane har litt lågare utveksling enn C303. Begge bakakslane driver til vanleg, framakselen kan bli kopla inn. Differensialsperrar på alle akslane. Det svenske forsvaret kallar denne modellen "Terrängbil 13".
Det blei laga ein prototype på ein amfibiebil basert på C304.
C306 er ein forlenga versjon av C304, også med tre akslar og sekshjulstrekk. Da han har enda større lasteevne enn C304 har han enda lågare utveksling og har femtrinns girkasse. Det svenske forsvaret kallar denne modellen "Terrängbil 20".
I 1983 deltok to lag frå Volvo Trucks i ørkenrallyet Paris-Dakar. Hasse Henriksson, Sture Bernhardsson og John Granäng klarte å vinne klassen for lette lastebilar. Dei kom på andreplass av alle lastebilklassane og på tjuendeplass i samandraget.[2]
Dei deltakande bilane var to C303 i nærast originalutføring. Dei hadde eksternt veltebur og ekstra drivstofftankar, og motoren blei modifisert for å kunne bruke lågoktan bensin, som er vanleg i Afrika. Det var også sambandsutstyr i bilane, og klokker og tripptellarar for navigasjon.[2]
Den sigrande bilen er på Volvomuseet i Göteborg. I 1986 prøvde Hasse Henriksson seg igjen i ein C303, denne gongen med greske Athanare Papadimitriou og svenske Börje Rosvall. Dei tok femteplass blant lastebilane og andreplass i klassen for lette lastebilar.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.