From Wikipedia, the free encyclopedia
Voltasøyla er den eldste forma for galvanisk batteri. Søyla vart oppfunnen i 1800 av Alessandro Volta. Voltasøyla består av ei mengd kopar- og sinkplater stabla oppå kvarandre med mellomlag av tøy fukta med saltvatn eller fortynna svovelsyre, i rekkjefølga kopar, syre, sink, kopar osv. Kvart platepar virkar som eit galvanisk element, og den elektromotoriske spenninga over heile søyla er lik produktet av spenninga over kvart enkelt platepar og mengda av dei. Volta erstatta seinare tøylappane med glassbeger med syre, Voltas begerglas.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.