Vlašić
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vlašić er eit fjell midt i Bosnia-Hercegovina. Toppen av fjellet vert kalla Paljenik og er 1 943 m høgt. Fjellet har eit stort skisenter for vinterturisme, og gode forhold for ski, snøbrett og andre vinteridrettar. Fjellet er òg ein populær stad om sommaren for turgåing og uforstyrra villmark.
Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...
Vlašic | |||
fjell | |||
Land | Bosnia-Hercegovina | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dei dinariske Alpane | ||
Høgd | 1 943 moh. | ||
Koordinatar | 44°14′N 17°40′E | ||
Vlašić 44.2925°N 17.6362°E / 44.2925; 17.6362 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Vlašić | |||
Lukk
Middeltemperaturen er 1 °C om vinteren, medan temperaturen om sommaren ligg på 14,2 °C i snitt. Om vinteren er det som regel mykje snø, opp til 1,5-2 meter snødekke, som gjerne ligg opp til fem månader i året.
Den næraste bosniske byen er Travnik, men det er fleire overnattingsstader ved sjølve fjellet.
I august 1992 var fjellet åstad for Koricaniklippe-massakren.