Dei dinariske Alpane
fjellkjede / From Wikipedia, the free encyclopedia
Dei dinariske Alpane (kroatisk og bosnisk Dinarsko gorje eller Dinaridi, serbisk Динарско горје eller Динариди; slovensk Dinarsko gorstvo; italiensk Alpi Dinariche) er ei fjellkjede i Sør-Europa i landa Slovenia, Kroatia, Bosnia-Herzegovina, Serbia, Montenegro og Albania.
Dei dinariske Alpane | |||
Dinaridane | |||
fjellkjede | |||
Land | Albania, Bosnia-Hercegovina Kroatia, Kosovo Montenegro, Serbia Slovenia | ||
---|---|---|---|
Del av | Alpide belt | ||
Grensar til | Dei juliske Alpane | ||
Koordinatar | 42°26′30″N 19°48′45″E | ||
Høgaste punkt | Maja Jezercë | ||
- stad | Albania | ||
• høgd | 2 694 moh. | ||
Lengd | 645 km, NV-SØ | ||
Areal | 175 000 km² | ||
Geologi | Sedimentær | ||
Periode | Mesozoikum | ||
Dei dinariske Alpane 43°N 19°E / 43; 19 | |||
Topografisk kart
| |||
Wikimedia Commons: Dinaric Alps | |||
Ho strekkjer seg 645 km langs kysten av Adriahavet (nordvest-sørvest) frå Dei juliske Alpane i nordvest og ned til Šar-Korab-massivet, der fjella går i nord-sør retning. Det høgaste fjellet i Dei dinariske Alpane er Prokletije, på grensa mellom Montenegro og Albania, med ein topp kalla Jezerca på 2 692 m.
Dei dinariske Alpane er det mest kuperte og utstrekte fjellområdet i Europa utanom Kaukasus, Alpane og Dei skandinaviske fjella. Dei er stort sett danna av sedimentære bergartar som dolomitt, kalkstein, sand og konglomerat danna av hav og innsjøar som ein gong dekte området. Då Alpane vart danna for 50 til 100 millionar år sidan førte sidevegs press til at fjella vart folda og overskyvd i ein stor boge rundt dei gamle rigide fjella som gjekk mot nordaust.
Dei dinariske Alpane vart kasta opp i meir eller mindre parallelle fjellkjeder frå Dei juliske Alpane til området i Nord-Albania og Kosovo der fjellterrenget endar i Drindalen og slettene i Kosovo. Šar- og Korab-fjella stig så opp på nytt sør for elva Drin og held fram sørover til Pindus i Hellas, og til fjella i Peloponnes, på Kreta og Ródos til Taurusfjella i sørlege område av Tyrkia.