![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ec/Orjen.jpg/640px-Orjen.jpg&w=640&q=50)
Orjen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Orjen er eit fjell av kalkstein i Dei dinariske Alpane i Montenegro. Den høgaste toppen her er Zubački kabao med 1 894 moh. Massivet Orjen ligg nordvest for Risan i Kotorbukta (Boka Kotorska). På toppen av Orjen og dei omliggande ryggane og platåa kan ein tydleg sjå spor etter tidlegare isbredanning. Under den siste istida strakk lange isbrear seg frå Orjen til Kotorbukta og dei omliggande karstslettene (polje), og laga fleire u-dalar i området. Fjellformasjonane er i dag ei blanding av karstlandskap og landskap skapt av isbreane, noko som er unikt i Middelhavsområdet.
Orjen | |||
fjell | |||
Orjen sett frå nord | |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dei dinariske Alpane | ||
Høgd | 1 894 moh. | ||
Koordinatar | 42°34′N 18°32′E | ||
Geologi | Glasikarst | ||
Periode | Krittida | ||
![]() Orjen 42.568888888889°N 18.548888888889°E / 42.568888888889; 18.548888888889 | |||
Wikimedia Commons: Orjen | |||
Det natur- og kulturhistoriske området i Kotor er på UNESCO si verdsarvliste, og omhandlar området mellom Orjen og Lovćen, inkludert alle dei små landsbyane i Risan- og Kotorbukta. Den naturlege hamna i Kotorbukta har vore folkesett i fleire tusen år. Illyrarar og grekarar koloniserte kysten frå 400 fvt. og etablerte hamnene Risan (Rhizon) og Kotor (Cattaro). På grunn av mangel på drikkevatn vart aldri fjella tett folkesett. Sjølv seint på 1900-talet vart snøflekkar i djupe groper brukt som vasskjelde for enkelte grender. I dag bruker ein i staden brønnar.