From Wikipedia, the free encyclopedia
Visteguten er namnet ein har gjeve leivningane etter ein 15 år gamal dreng frå steinalderen som vart funnen ved ei arkeologisk utgraving av Vistehola i Rogaland i 1907. Han levde for om lag 8000 år sidan.
Leivningar frå denne tidsalderen er vanlegvis dårleg bevarte. Sjølv om ei tann vart feilaktig flytta ein gong av ein arkeolog, og limd fast på feil stad,[1] og somme skadar og manglar på den eine sida av kraniet er Visteguten eit fullgodt eksemplar. Han vert rekna som det best bevarte steinalderskjelettet i Noreg.[2]
Visteguten var kortvaksen – berre 125 cm høg – men var elles robust bygd.[2] Kraniet har såkalla båtskalle, eit medfødd lyte.[3][4]
Kjønnet var lenge usikkert, ettersom det er vanskeleg å fastslå kjønnet til skjelett av barn og ungdom då bekkenet ikkje er ferdig utvakse. I 2018 fann ein eit y-kromosom frå skjelettet, som dimed gjorde det mogeleg å stadfesta at det var ein gut.[1] Før kjønnet vart endeleg stadfesta vart han stundom kalla «Vistemennesket».[5]
I 1985 viste dateringa av skjelettet at Visteguten var omtrent 8200 år gamal, og omtrent 8000 år gamal etter ei ny datering i 2018 av Sean Denham. Hermed konkluderte Denham med at Visteguten var mellom 8000 og 8300 år gamal.[6][7]
Visteguten skal truleg ha vore fødd og oppvaksen i nærleiken av der han budde og vart gravlagd. I mellomsteinalderen var det vanleg å gravlegga dei daude ved bustaden. Visteguten skal ha hatt eit variert kosthald med både sjømat og landjordsmat. Ein veit ikkje kvifor Vistegutten døydde i så ung alder; om det var som fylgje av ei ulykke eller sjukdom. I mellomsteinalderen vart mange over 50 år før dei døydde, og menneska som levde på denne tida verkar å ha levt både sunnare, betre og lenger enn dei seinare etterkomarane som dreiv med jordbruk.[2]
Då ein skulle gjera nye analysar av skjelettet til Visteguten oppdaga konservatorane eit bein som ikkje var ekte, men det er usikkert kva tid det har vorte lagt saman med skjelettet.[8]
I 2015 vart ein liten bit av kraniet sendt til analyse.[5] DNA-analysane og isotop-analysane viste mellom anna:[1][9]
Som ein del i eit forskingsprosjekt leitt av universitetet i Dundee vart hausen til Visteguten i 2011 laserskanna og gjenoppbygd i ein virtuell versjon. Resultatet vart skrive ut som ein tredimensjonal modell i plast. Etter å ha lagt på muskelvev og hud i leire, laga dei ei negativform til støyping av hovudet med kunstharpiks og glasfiber. Til sist vart hovudet måla og andletet utstyrt med øyro, augo, nase og lepper.[10]
Ei liknande rekonstruering har tidlegare vorte gjord av eit anna norsk steinalderskjelett, Søgnekvinna.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.