From Wikipedia, the free encyclopedia
Vinje kyrkje står på Nedre Vinje i Voss herad i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1871. Arkitekt for kyrkja var byggmeister Ole Vangberg. Vangberg laga også teikningane til Oppheim kyrkje, som vart oppført same året som Vinje kyrkje. John J. Alver var byggmeister for begge desse kyrkjene som vart reiste i Vossestrand prestegjeld i 1871, og Nils Bergslien måla altertavle til begge tidleg på 1900-talet.
Vinje kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Voss | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Hardanger og Voss | ||
Sokn | Vinje | ||
Fellesråd | Voss | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Ole Vangberg | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 3. oktober 1871[1] | ||
• Endringar | Påbygd sakresti i 1963 | ||
Altartavle | Frå 1903, av Nils Bergslien | ||
Sitjeplassar | 350[2] | ||
Vinje kyrkje på Voss 60.7925°N 6.51083333°E | |||
Wikimedia Commons: Vinje kirke, Voss | |||
Til grunn for teikningane til Vinje kyrkje låg dei Vangberg laga til Bruvik kyrkje på Osterøy og dei teikningane bygde igjen på dei laga til Fusa kyrkje (1861-1959) av arkitekt Frederik Hannibal Stockfleth. Ei anna systerkyrkje er Gjerstad kyrkje på Osterøy.
Kyrkja er soknekyrkje i Vinje sokn i Hardanger og Voss prosti.
Altertavla har Jesus i Getsemane som motiv og vart måla av Nils Bergslien i 1903[2]. Døypefonten er i tre og er laga av Størk Hirth i 1919.[3]
Det har vore kyrkje på Vinje sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Vinje-kyrkja nemnd i kjeldene er frå 1329. Denne kyrkja, som trulegast var i stavkyrkje, vart erstatta med ei lafta kyrkje på 1670-talet. Laftekyrkja stod søraust for Vinjetunet, og truleg stod også mellomalderkyrkja der. Frå mellomalderen er bevard ein benk og ein trefigur på museum, og ei kyrkjeklokke som heng i den noverande Vinje kyrkje. 1600-talskyrkja vart riven i 1872 og delar av vyrket og inventaret vart seld på auksjon.[1] Ein del av vyrket vart brukt i eit soknehus, og vart attoppdaga då huset skulle rivast i 1985. Det gamle vyrket har sidan vore lagra på Voss folkemuseum.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.